Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:404 (2007-2008)
Innlevert: 18.12.2007
Sendt: 18.12.2007
Besvart: 09.01.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Bygdefolk i Lavik i Sogn og Fjordane har engasjert seg sterkt for å få ein lett og fin vegtrasé frå Lavik ferjekai, i staden for at det vert lagt opp til å blande mjuke trafikantar og gjennomgangstrafikk på denne vegstrekninga. Vegvesenet har sjølve konkludert med at utbetring av noverande vegline opp frå ferjekaia ikkje tilfredsstiller kravet til stamvegstandard.
Vil statsråden engasjere seg for at tilkomstvegen til Lavik ferjekai får ei løysing og eit lineval som tilfredsstiller kravet til stamvegstandard?

Begrunnelse

Etter ein brei høyringsprosess gjorde Høyanger kommunestyre den 21. juni 2002 eit samrøystes vedtak og valde strandlina som alternativ til ny veg frå Lavik ferjekai og gjennom Lavik sentrum, på stamveg E39. Dette linevalet var også i tråd med eit stort fleirtal i høyringsprosessen. Eigengodkjenning skulle vore gjennomført hausten 2002.
Det gjekk 3 år før saka kom oppatt i kommunestyre, 18.06.05. Ikkje som eigengodkjenning av samrøystes vedteken reguleringssak, slik som saka tilsa, men som ny sak med framlegg frå administrasjonen om å endre lineval frå strandlinealternativet til utbetringsalternativ.
Eit fleirtal i Høyanger kommunestyre omgjorde tidlegare samrøystes vedtak og valde utbetringsalternativet (opprusting av eksisterande veg) som ny løysing.
Utbetring av eksisterande veg vil medføre at for å kome seg til butikk, bank og bensinstasjon, vil dei fleste som i dag bur i Lavik, gamal og ung, måtte krysse ein sterkt trafikkert veg, der trafikken vil auke monaleg i åra framover.
Dette vil heilt sikkert også medføre trafikkfarlege situasjonar for bilistane.
Dei som har engasjert seg i saka for å behalde strandlinealternativet, påpeikar at utbetringsalternativet er i strid med vegvesenet sine eigne retningslinjer for trafikktrygging og miljø.
Det vises ellers til innhaldet i skriv til kommunestyrerepresentantane i Høyanger, datert 12.12.06, underteikna av Rolf Nygård og Kjell Bjørkhaug.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Statens vegvesen har sidan slutten av 90-talet samarbeidd med Høyanger kommune om reguleringsplan for Lavik, og vedteken plan med utbetring av noverande vegline er i samsvar med råd administrasjonen i kommunen og Statens vegvesen har gitt i saka.
Etter plan- og bygningslova er det kommunestyret som er øvste planstyresmakt dersom det ikkje er motsegn frå fylkeskommunen, nabokommunar eller statlege styresmakter.
Det går fram av sakshandsaminga i kommunen at det har vore ulike ønske om lineval, og reguleringsplanen er vedteken etter grundig avveging av dei ulike interessene. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har på grunn av klager på reguleringsplanen vurdert om saka er handtert i samsvar med plan- og bygningslova og forvaltningslova. Fylkesmannen har ikkje merknader til kommunens vurderingar og stadfesta kommunestyret sitt vedtak den 12.07.2007.
Saka er grundig vurdert lokalt og er eigengodkjend av kommunestyret i samsvar med plan- og bygningslova. Eg ser derfor ikkje grunn til å engasjere meg i alternative løysingar for tilkomst til Lavik ferjekai.