Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:408 (2007-2008)
Innlevert: 18.12.2007
Sendt: 20.12.2007
Besvart: 02.01.2008 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til mitt spørsmål nr. 1086, datert 24.05.07, vedr. samlokalisering av statlege, fylkeskommunale og kommunale kontor i Førde. Noverande utleigar til Lotteri- og stiftelsestilsynet har kome med eit nytt skriftleg tilbod om forlenga leige, der basisleiga er redusert frå 1.082,00 til 600,00 pr. m2, ein reduksjon på nesten 50%.
Vil statsråden ta initiativ til at leigeavtala med noverande utleigar vert forlenga, då leigeprisen ifølgje nytt tilbod frå noverande utleigar vil ligge svært langt under leigepris på nybygg?

Begrunnelse

Eg viser til grunngjeving i mitt spørsmål nr. 1086, datert 24.05.07.
Eg viser også til brev frå FørdeGården AS, til Lotteri- og stiftelsestilsynet, datert 13.12.07, som Kultur- og kirkedepartementet har fått kopi av.
Brevet frå FørdeGården AS er eit nytt og forbetra tilbod om forlenging av eksisterande leigeforhold, der basisleiga i.h.t. nytt tilbod vert redusert frå 1.082,00 til 600,00 pr. m2.
Dette vil ifølgje FørdeGården AS gje ei innsparing i høve til flytting til andre lokaler på over kr. 1.400.000,00 kvart år, som vil utgjere kr. 7.000.000,00 over ein femårsperiode. I tillegg kjem sparte kostnadar, driftsavbrot og andre ulemper som følgje av ei eventuell flytting. Nokre vil vere spørjande til om dette er fornuftig bruk av skattepengar.
Ifølgje brevet frå FørdeGården AS meiner dei at dei lokale som Lotteri- og stiftelsestilsynet leiger i dag er sentrumsnære og av høg standard, og dei er tilpassa tilsynets drift og uttalte behov.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Eg ser positivt på Lotteri- og stiftelsestilsynets si deltaking i prosjektet "Samlokaliserte etatar i Førde" som omfattar statlege og fylkeskommunale etatar som i dag held til i ulike bygg i Førde. Dette vil gi ein samling av offentlege funksjonar på ein plass. Per i dag har 10 etatar vedteke å bli med i prosjektet, med til saman 187 tilsette. Lotteri- og stiftelsestilsynet er den største etaten målt i tilsette.
Det har vore gjennomført anbodskonkurranse for det nye bygget, og vinnar vart kåra i februar 2007. Lotteri- og stiftelsestilsynet har to gongar etter at vinnar av anbodskonkurransen var klar motteke tilbod om redusert husleige for noverande lokale. Pris er ein viktig faktor når statlege verksemder gjer leigeavtalar, men det vil vere uansvarlige av ein etat, både i høve til dei andre deltakarane og i høve til tilbydarane i en anbodsprosess, å hoppe inn og ut av samarbeidsprosjektet på grunnlag av at nye tilbod om redusert leige stadig kjem på bordet.
Det er allereie brukt mykje ressursar frå vinnar av anbodskonkurransen si side på å realisere byggeprosjektet. Ved å bryte ut no vil dei deltakande etatane hamne i ein vanskeleg situasjon med muleg erstatningsansvar. Det vil ikkje vere god bruk av skattepengar. Eit tilbod om redusert leige burde i tilfelle vore lagt fram då anbodskonkurransen vart kjent, før Lotteri- og stiftelsestilsynet gjekk inn i samarbeidsprosjektet.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har også opplyst til meg at samlokaliseringa har positive effektar for dei deltakande etatane i form av samling av faggrupper og samkøyring av driftsfunksjonar, samt at det nye byggeprosjektet vil påverke bygningsmassen i Førde i positiv retning.
Eg vil derfor ikkje ta noko initiativ ovanfor Lotteri- og stiftelsestilsynet i denne saka.