Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:409 (2007-2008)
Innlevert: 18.12.2007
Sendt: 20.12.2007
Besvart: 09.01.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Kva er definisjonen på miljøvennleg drivstoff, og sidan anbodstida er 8 år, korleis kan ein stramme inn miljøkrava etter kvart som pårekna kommande krav om klimagassreduksjon strammast til utover i anbodsperioden?

Begrunnelse

To av dei største fergesambanda i Møre og Romsdal; Festøya - Solavågen og Ørsneset - Magerholm er no ute på anbod under nemninga "Midtre Sunnmøre".
Med det systemet som er vald for kjøp av fergetenester, altså anbodssystem med lange avtalar, kan ein ikkje gjere noko med klima og luftforureining, det er innhaldet i konkurransegrunnlaget fergerederia må levere tilbod i forhold til.
Det har oppstått ein interessant situasjon i konkurransen på Midtre Sunnmøre. Statens vegvesen har i utgangspunktet ikkje ønska å stille spesielle miljøkrav til fergene som skal trafikkere desse sambanda.
Konsekvensen av eit slikt standpunkt er at det er vorte ganske sannsynleg at dei to sambanda vil bli "dumpingplass" for fergemateriell som er tatt ut av drift i andre samband, kanskje materiell som elles kunne blitt oppgradert slik at dei forureina mindre.
Dette med bruk av uttrykket "miljøvennlig drivstoff" er eit svært omstridt tema, som m.a. Forbrukerombodet har hatt til vurdering. Det som er klart, er at berre nullutsleppsdrivstoff har høve til å marknadsføre seg som "miljøvennlig drivstoff". Det vil difor ikkje vere høve til å drive fergene på fossil marin gassolje eller på fossil naturgass. I praksis er det bioolje, biodiesel og biogass som er dei aktuelle teknologiane i dag. Bioolje er olje frå plante- eller dyrerestar, biodiesel er diesel produsert på slik bioolje, medan biogass er metan frå nedbryting av plante- eller dyrerestar og avfall (i motsetnad til fossil naturgass som er fleire millionar år gamal metan).

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Så langt eg kjenner til finst det ikkje nokon eintydig definisjon på omgrepet miljøvennleg drivstoff. Eg er likevel kjent med at Forbrukarombodet stiller strenge krav til bruk av omgrepet miljøvennleg i marknadsføringssamanheng. For å oppnå meir miljøvennleg transport er det ikkje berre viktig med reint drivstoff. Minst like viktig er transportteknologien. På det området har utviklinga vore gunstig dei siste åra, noko som mellom anna har gjeve utsleppsreduksjonar frå dieseldrivne ferjer.
I konkurransegrunnlaget for dei aktuelle riksvegferjesambanda i Møre & Romsdal vert det mellom anna stilt strenge krav til tillate svovelinnhald i drivstoffet. Kravet til oljekvaliteten er langt strengare enn kvaliteten på det drivstoffet som i dag vert nytta i utanriksfarten, og i deler av riksvegferjedrifta. Drivstoff med lågt innhald av svovel fører dessutan og til reduksjon i CO2 - utslepp.
Auka bruk av naturgass i maritim transport vil føra til reduserte CO2 - utslepp frå næringa. St. meld. nr. 34 (2006 - 2007) Norsk klimapolitikk peikar på denne samanhengen, og regjeringa følgde i 2007 opp med å lysa ut tre nye riksvegferjesamband for konkurranse med krav til bruk av naturgass som energiberar. Som ei resultat av dette vil 11 eller 12 ferjer vera drivne med naturgass i 2011. Spørsmål om å stilla krav om bruk av naturgass der det passar, vert kontinuerleg vurdert i arbeidet med å utarbeida grunnlag for utlysing av konkurranse i riksvegferjedrifta.
Eventuelt nye miljøkrav vil sjølvsagt og gjelda for den konkurranseutsette delen av riksvegferjedrifta. Aktuelle løyvehavarar vil retta seg etter nye pålegg på line med andre. Kontraktane mellom Statens vegvesen og løyvehavarar har då og klausular om reforhandling. Endra lover, forskrifter eller andre ting som eventuelt fører til meirutgifter for løyvehavar, vil vera grunnlag for slike forhandlingar om auka kompensasjon.