Skriftlig spørsmål fra Ragnhild Aarflot Kalland (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:548 (2007-2008)
Innlevert: 29.01.2008
Sendt: 30.01.2008
Besvart: 05.02.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Ragnhild Aarflot Kalland (Sp)

Spørsmål

Ragnhild Aarflot Kalland (Sp): Mellombølgjesendaren ved Vigra, den såkalla Vigramasta, utgjer eit hinder for flytrafikken på Vigra.
Det er kjent at Samferdsledepartementet ikkje har heimel i luftfartslova til å påleggje fjerning av masta, men ser samferdsleministeren nokon måte for løysing av dette problemet?

Begrunnelse

Førre veke gjorde verforholda at fleire flygingar måtte innstillast fordi innflygingstraseen kom i konflikt med masta. Dette gjentek seg med ujamne mellomrom og er eit problem for regulariteten på Vigra.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Mellombølgjesendaren på Synes ved Vigra står som kjent i inn- og utflygingstraseen for Ålesund Lufthavn, Vigra. Avinor har opplyst at mellombølgjesendaren i dag utgjer det viktigaste og mest dominerande hinderet i omgivnadene av lufthamna. Plasseringa medfører at masta utgjer det kontrollerande hinderet i dei fleste av prosedyrane som i dag blir nytta for inn- og utflyging til og frå Ålesund lufthamn. Spørsmålet om ei eventuell fjerning av mellombølgjesendaren ved Ålesund lufthamn, Vigra har vore teke opp av interesserte partar fleire gonger tidlegare. Kringkastaren har hatt ein svært viktig funksjon for fiskeflåten for å kunne ta inn nødvendige vermeldingar. Det er grunnen til at det tidligare ikkje har vore aktuelt å fjerne masta.

Samferdselsdepartementet mottok eit brev frå Utviklingsforum for Ålesund lufthamn, Vigra i februar 2007, der spørsmålet om mellombølgjesendaren ved lufthamna igjen blei teken opp. I mars 2007 hadde Samferdselsdepartementet eit møte med Utviklingsforumet der det blei gjort greie for regulariteten ved lufthamna og innskrenkingane på grunn av masta. Det blei vidare opplyst på møtet at teknologien i dei seinare åra har utvikla seg og det er mogeleg for fiskeflåten å ta inn vermelding på andre distribusjonskanalar.

På bakgrunn av dette sende Samferdselsdepartementet eit brev til impliserte partar i mai 2007 der det blei stilt spørsmål om mellombølgjesendaren ved Vigra kan leggjast ned.

Dei organisasjonane og etatane som tek vare på interessene til fiskarane har i stor grad vist til at det er få fiskarar i Møre og Romsdal som er aktive brukarar av mellombølgjesendaren, då dei kan ta inn vermeldingstenester over andre kommunikasjonsberarar. NRK, Telenor-Norkring og Norsk Telemuseum hadde derimot innvendingar til ei fjerning av masta. Samferdselsdepartementet har på denne bakgrunn halde møte med dei tre sistnemnde instansane.

NRK og Telenor-Norkring presiserte at dei ønskte å behalde masta for framtidig bruk. Telenor-Norkring opplyste at det er ei omfattande interesse for å utvikle dagens AM-nett til Digital Radio Mondial (DRM) for å gi ei størst mogeleg arealdekning av Noreg og havområda rundt. Dette vil også omfatte sendaren på Vigra. Vidare presiserte Telenor-Norkring at ei nedlegging av masta ikkje er ei aktuell løysing utan at det blir etablert ein erstatningsstasjon på eit nærliggjande område og at dette blir kosta av dei som er årsak til nedlegging av noverande stasjon. Telenor-Norkring har opplyst at ei eventuell flytting er utrekna til 25 millionar kroner. Dette er utan tomtekostnader.

Norsk Telemuseum har opplyst at mellombølgjesendaren på Vigra står oppførd i verneplanane for Telenor sine bygningar og installasjonar. Dei viser vidare til at masta er eit teknisk historisk/særsyn med høg bevaringsverdi. På møtet med Norsk Telemuseum oppfatta departementet saka slik at verneplanen er ein etatsplan og at mellombølgjesendaren ikkje er formelt freda.

Slik tilhøva er i dag er det ikkje heimel i luftfartslova til å påleggje ei fjerning av masta. Det kan derfor sjå ut til at ei eventuell løysing må finnast mellom Avinor som operatør av lufthamna og Telenor-Norkring som eigar av masta. Avinor har opplyst at Ålesund lufthamn, Vigra skal fornye den teknisk-operative godkjenninga si i år. I fyrste omgang har derfor departementet foreslått for Avinor at dei tek kontakt med Telenor-Norkring slik at utfordringa med mellombølgjesendaren som står i inn- og utflygingstraseen for lufthamna kan vurderast og eventuelle løysingar drøftast mellom dei to.

Avinor har også opplyst at dei i samband med søknad om fornya teknisk operativ godkjenning av Ålesund lufthamn skal gjennomføre ein risikoanalyse av hindersituasjonen i tilknyting til lufthamna. Ein slik risikoanalyse er eit krav i forskrift om utforming av store flyplassar. Arbeidet med risikoanalysen er allereie starta opp og resultata frå denne blir venta ferdig i løpet av februar 2008. Dersom masta fører til ein uakseptabel risiko i samband med inn- og utflyging må det gjennomførast tiltak. I tillegg er det sat i gong ei vurdering av dei flyoperative forbetringane som vil følgje av ei eventuell fjerning av masta. Også desse berekningane blir venta ferdige i løpet av februar 2008.

Eg vil følgje saka nøye vidare og legg til grunn at Avinor søkjer ei løysing som vil vareta dei impliserte partane sine interesser på best mogeleg måte.