Skriftlig spørsmål fra Gunvald Ludvigsen (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:560 (2007-2008)
Innlevert: 30.01.2008
Sendt: 31.01.2008
Besvart: 08.02.2008 av finansminister Kristin Halvorsen

Gunvald Ludvigsen (V)

Spørsmål

Gunvald Ludvigsen (V): Vil finansministeren ta initiativ til at Regjeringa i revidert nasjonalbudsjett eller seinast i samband med statsbudsjettet for 2009, tilfører det nye NOx-miljøfondet innbetalingane frå NOx-avgifta i 2007 på om lag 1,4 milliardar kroner?


Begrunnelse

Venstre er glad for at styresmaktene og næringslivet er komne fram til semje i NOx-saka og at dei saman har lagt fram ein miljøavtale som erstattar NOx-avgifta i si noverande form. Avtalen inneber mellom anna at den reduserte NOx-avgifta som vert innbetalt, skal plasserast på eit fond og at fondsmidlane skal nyttast til tiltak for å redusere NOx-utsleppa.
I 2007, då NOx-avgifta var kr 15,- per kilo, vart det innbetalt om lag 1,4 milliardar kroner i avgift til staten. Med den reduserte prisen - og tilsvarande utslepp - vil det nye fondet bli tilført om lag 0,4 milliardar kroner årleg; altså berre ca. 1/4 av innbetalingane i 2007. Venstre er skuffa over at Regjeringa ikkje tok steget og overførte 2007-innbetalingane til det nye miljøfondet.

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: Etter vedtaket i Stortinget om avgift på utslepp av NOX § 2 d, vert det gjeve fritak for utsleppskjelder omfatta av miljøavtale med staten om gjennomføring av NOX-reduserande tiltak i samsvar med eit fastsett miljømål. Miljøverndepartementet har på vegne av Regjeringa blitt samd med 14 næringsorganisasjonar om ein slik miljøavtale. Avtalen har som følgje at verksemder som sluttar seg til avtalen, får eit mellombels fritak frå NOX-avgifta fram til 31. desember 2010, mot at dei kollektivt set i verk utsleppsreduserande åtgjerder på om lag 30 000 tonn. Fritaket frå NOX-avgifta kan først tre i kraft når EFTA sitt kontrollorgan (ESA) har godkjent ordninga. Verksemder som tiltrer avtalen innan 1. juli 2008, vil få refundert NOX-avgift som er betalt i perioden frå 1. januar 2008 og fram til ESA sitt vedtak.

Næringsorganisasjonane har, for å oppfylle avtaleforpliktingane, tatt initiativ til å opprette eit privat fond, Næringslivets NOX-fond. Fondet er planlagt finansiert ved innbetalingar til fondet frå dei tilslutta verksemdene. Ifølgje NHO er satsane for slik betaling i 2008 sett til 11 kroner pr. kg NOX for offshoreselskapa og 4 kroner pr. kg NOX for fiskefartøy, skip og hurtigbåtar, fastlandsindustri, luftfart og fjernvarme mv. Det er styret til NOX-fondet som fastset desse satsane, og som dermed samstundes avgjer kor mykje fondet skal ha disponibelt i kapital som kan nyttast til NOX-reduserande tiltak.

I Budsjett-innst. S. nr. 1 (2006-2007) omtalar fleirtalet i Finanskomiteen tilhøvet mellom NOX-avgifta og eit eventuelt privat fond: "Flertallet vil peke på at dersom næringslivet skulle ønske å etablere et fond for å finansiere NOX-tiltak, må dette gjøres utenfor avgiftssystemet for å sikre at utbetalingene ikke blir å anse som statsmidler i relasjon til EØS-regelverket om offentlig støtte." Eg deler fleirtalet si vurdering og meiner at eit tilskot frå staten til Næringslivets NOX-fond vil vere i strid med regelverket om offentleg støtte EØS-avtalen.