Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:651 (2007-2008)
Innlevert: 12.02.2008
Sendt: 13.02.2008
Besvart: 15.02.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): I Soria Moria-erklæringa står det m.a.: "Riksveiferjene er å regne som en del av vegnettet, og utgiftene for de som benytter disse bør reduseres. Regjeringen vil bedre rabattordningene og utrede om enkelte strekninger kan gjøres gratis."
Kva har statsråden sett i gang av arbeid for å utrede om enkelte ferjestrekningar i landet kan verte gratis?

Begrunnelse

Den 5. juni 2007 handsama Stortinget eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Harald T. Nesvik, Kenneth Svendsen og Arne Sortevik om å igongsetje prøveprosjekt med gratis riksvegferjer på ein strekning i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nordland.
I innlegg frå Arne Sortevik vart det vist til m.a. det som står i Soria Moria-erklæringa om at Regjeringa ønskjer å utrede om enkelte ferjestrekningar kan gjerast gratis.
I samandraget til Innst. S. nr. 216 (2006-2007) står det m.a.:

"Flertallet viser til at statsråden vil komme tilbake til spørsmålet om gratis ferje i budsjettproposisjonen for 2008, og at dette etter hennes mening er det tidligste realistiske tidspunktet for en eventuell forsvarlig avklaring av budsjettmessige og andre forhold rundt forsøk med gratis ferje."

I St.prp.nr. 1 (2007-2008) står det m.a.:

"Med bakgrunn i bl.a. de kostnadsmessige aspektene, har regjeringen fortsatt spørsmålet om ev. gratisferjer til vurdering. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til saken når den er nærmere avklart."

Med bakgrunn i ovanståande er det interessant å få avklart kva statsråden har igongsett av arbeid og kva som er status på arbeidet med å utrede spørsmålet om gratis ferjer.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Spørsmålet om gratis ferje er på oppdrag frå Samferdselsdepartementet utgreidd av Møreforskning Molde AS. I utgreiinga blir det drøfta åtte ulike modellar med gratis ferje. Modellane varierer frå gratis ferje på alle samband til gratis ferje på dei minst trafikkerte og lengste sambanda. Eg vil difor innleiingsvis slå fast at vi har greidd ut spørsmålet om gratis ferje slik vi sa i Soria Moria-erklæringa.
I utgreiinga frå Møreforskning Molde blei det rådd til å gjere forsøk med gratis ferje, for å vinne erfaringar. Mellom anna på bakgrunn av dette blei det i Dok. nr. 8:54 (2006-2007) foreslått å gå i gang med forsøk med gratis ferje på fem konkrete samband. Eg peikte då på at det ville føre til at ein ville gå i gang med forsøk før det var teke stilling til kostnadene knytta til dette. Eg peikte og på at ein måtte velje ut dei sambanda som kunne gje best erfaringsgrunnlag i høve til dei ressursane som blir sette inn, og at det måtte utarbeidast eit opplegg for gjennomføring og evaluering av forsøka. Det var med bakgrunn i dette at eg uttalte at budsjettproposisjonen for 2008 ville vere det tidligaste tidspunktet for å avklare budsjettmessige og andre forhold rundt forsøk med gratis ferje.
Ut frå ei samla vurdering av saka, mellom anna av dei budsjettmessige forholda, fann eg det ikkje riktig å gå i gang med forsøk med gratis ferje i 2008. Eg kan elles stadfeste at vi framleis har spørsmålet om forsøk med gratis ferje til vurdering. Eg vil likevel peike på at prioritering av denne saka, på lik linje med andre saker, må sjåast i samanheng med kva rammer som er til rådvelde.
Eg finn og grunn til å minna om at Regjeringa auka rabattsatsen på sonekort og verdikort frå 40 til 45% frå 1. mai 2006. Det er og vedteke å auka rabattsatsen på nytt, denne gongen frå 45 til 50% frå 1. mai i år. Samla kostnadsreduksjon for denne brukargruppa er overslagsvis venta å verta i underkant av 90 mill. kr på årsbasis.