Åge Starheim (FrP): SFE har i nært samarbeid med grunneigarane utarbeidd og sendt søknad om ein vindpark på fjellet ved Borgundvåg i Selje kommune, Sogn og Fjordane. Av dei 43 grunneigarane er det berre 2 som ikkje har underteikna grunnavtale med SFE. SFE og grunneigarane er samde om å leggje lina frå fjellet og langs vegen, og forbi tettstaden Leikanger i kabel. Vegen til fjellet vil også auke moglegheitene til landbruksmessig utnytting av området.
Vil statsråden ta initiativ overfor NVE slik at denne søknaden snarleg vert handsama av NVE?
Begrunnelse
SFE Produksjon har i nær forståing med grunneigarane i Borgundvåg utarbeidd planer for Orkla Vindpark, der plana er å oppføre fleire vindmøller.
I drøftingane som SFE har hatt med grunneigarane i planleggingsfasen har grunneigarane fått gjennomslag for dei fleste av sine ønskjemål, t.d. å kable lina frå fjellet langs vegen og forbi tettstaden Leikanger i Selje kommune.
På tross av fleire purringar frå SFE har ikkje NVE handsama søknaden deira.