Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:671 (2007-2008)
Innlevert: 14.02.2008
Sendt: 15.02.2008
Besvart: 25.02.2008 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Er statsråden enig i at norsk industri sitt engasjement i Sellafield kan svekka truverdigheten i det norske engasjementet for permanent stenging av Thorp-anlegget, og i så fall; kva vil statsråden gjera med det?

Begrunnelse

Kombinasjonen av Golf-straumen og Technetium 99 mv. frå Sellafield-anlegget er ein stor trussel mot livet i havet langs heile norskekysten. Med ei halveringstid for radioaktivitet på 200 000 år vil skadeverknadane ha eit uendeleg tidsperspektiv.
Bondevik II-regjeringa fekk stoppa utsleppa frå Sellafield. Thorp-anlegget har vore nedstengt sidan 2005, etter eit stort utslepp av høgradioaktiv væske. Dette varde i åtte månader før det vart oppdaga.
No ser me at sterke interesser ønskjer at anlegget skal gjenopnast. Når eit stort norsk industriselskap, der staten nyleg gjekk tungt inn på eigarsida, har kontraktar med Sellafield-anlegget, så kan det svekka truverdigheten i norske myndigheter sitt arbeid mot utslepp frå det same anlegget.
Hovedgrunnen til at dei norske protestane vart tekne til følgje var at protestane var kraftige og dei var eintydige. Vår bekymring no er at både eintydigheten og styrken kan verta svekka, og at resultatet vert ei gjenopning av anlegget, som igjen vil føra til at livet i havet langs norskekysten på ny vert utsett for ein heilt uakseptabel risiko.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Årsaka til at regjeringa er i mot at THORP blir opna igjen, er tryggleiken og faren for ei ulukke som kan føre til utslepp som kan påverke norske område. THORP er viktig fordi store mengder flytande, høgradioaktivt avfall frå reprosesseringa hopar seg opp ved Sellafield og representerer eit svært stort utsleppspotensiale. Sett i lys av manglane ved tryggleiken ved Sellafield, gjev dette grunn til uro. Regjeringa har ved fleire høve teke opp spørsmålet med britiske styresmakter. Seinast 21.02 under det internasjonale møtet mellom miljøvernministrane i Monaco, tok eg opp dei norske synspunkta overfor min britiske kollega.

Regjeringa meiner at utsleppsrisikoen må reduserast så raskt som mogleg, noko ein mest effektivt kan få til ved ikkje å opne THORP igjen. Men vi er sjølvsagt også opptekne av at anlegga der avfallet frå THORP blir lagra og handtert er så sikre og velfungerande som mogleg. Dette både for å redusere risikoen for utslepp, og for å få behandla det høgaktive flytande avfallet og gjort det om til fast og stabil form så raskt som mogleg.

At Aker Kværner engasjerer seg i opprydding og betring av tryggleiken ved Sellafield ser eg difor i utgangspunktet som positivt, og eg kan ikkje sjå at det norske engasjementet for å få stengt THORP for godt blir mindre truverdig som ein følge av dette. Samstundes er det sjølvsagt viktig at selskapet ikkje er med på noko regjeringa er imot. Etter det eg kjenner til, har Aker Kværner i dag ikkje andre prosjekt på Sellafield enn det som gjeld reinsing av eit forureina område.

Dei 21 tankane som blir nemnde i Brennpunkt sin reportasje er lager for det høgradioaktive, flytande avfallet frå THORP som vi er mest uroa over. Her gjorde Aker Kværner tryggleiksanalyser fram til 2005. Dette engasjementet kan sjåast på som eit dilemma fordi desse tankane er nært kobla til drifta av THORP, samstundes som det er i Noreg si interesse at tankane er så sikre som mogleg. Det er i alle tilfelle liten grunn til å tru at kven som i si tid gjennomførte tryggleiksanalyser for avfallstankane skulle ha noko å seie for spørsmålet om å opne THORP igjen. Dette arbeidet blei i følgje Aker Kværner dessutan avslutta før THORP blei stengd i 2005. Eg har heller ikkje nokre opplysningar som tilseier at Aker Kværner sitt noverande engasjement ved britane sitt deponi for lågradioaktivt avfall i Drigg har noko å seie for spørsmålet om å opne THORP igjen.

Som nemnd kan det oppstå dilemma når prosjekt som betrar tryggleiken ved THORP og tilknytta anlegg også kan tolkast som eit bidrag til vidare drift. Staten sitt engasjement i Aker Kværner medverkar til meir merksemd rundt desse spørsmåla. Som medeigar har staten ein betre posisjon til å stille spørsmål og påverke, innanfor dei rammene som gjeld. Aker Kværner er klar over at staten som eigar er oppteken av denne typen spørsmål, og at media sitt fokus på dei etiske og miljømessige sidene ved selskapet sine aktivitetar aukar. Vi reknar difor med at selskapet i si samla verksemd vil lytte til politiske signal og følgjer det som til ei kvar tid er regjeringa si politikk.