Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:787 (2007-2008)
Innlevert: 10.03.2008
Sendt: 10.03.2008
Besvart: 13.03.2008 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Den samiske barnehagen i Oslo har fått beskjed om at Oslo kommune vil fylle opp med norske barn, dersom det skulle være ledige plasser ved barnehagen. Foreldrene frykter at de samiske barna gradvis vil slutte å snakke samisk i barnehagen hvis det blir mange norskspråklige barn der. Det norske språket dominerer ellers i samfunnet, og målet med den samisk barnehagen er å styrke samiske barns språk og identitet.
Hvordan kan statsråden sikre at den samiske barnehagen ikke svekkes som arena for samisk språk og kultur?

Begrunnelse

Samisk språk er under press, og det er viktig å sikre samiske barn gode muligheter til å bruke språket sitt. I den sammenheng er den samiske barnehagen viktig som arena for både språktrening og opplæring i samisk kultur og historie.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Barnehagen er ein viktig arena for å utvikle samisk språk, kultur og identitet. Det er derfor eit mål at samiske barn skal få eit barnehagetilbod tilpassa språket sitt og kulturbakgrunnen sin. Dette ansvaret er presisert i barnehagelovens § 8 tredje ledd:

"Kommunen har ansvaret for at barnehagetilbudet til samiske barn i samiske distrikt bygger på samisk språk og kultur. I øvrige kommuner skal forholdene legges til rette for at samiske barn kan sikre og utvikle sitt språk og sin kultur."

Også barnehageloven § 2 fjerde ledd om innhaldet i barnehagen gjev klare retningsliner for lokal styresmakt og eigar: "Barnehagen skal ta hensyn til barnas alder, funksjonsnivå, kjønn, sosiale, etniske og kulturelle bakgrunn, herunder samiske barns språk og kultur." Vidare fastslår Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen at "(...) samiske barn treng støtte til å ta vare på og utvikle språket og kulturen uavhengig av kvar i landet dei bur."

Med utgangspunkt i ovannemnde lovparagrafar, meiner Kunnskapsdepartementet at det er gitt klare føringar for kva kommunen er forplikta til overfor samiske barn i barnehage.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus opplyser at det per i dag er 29 barn som har plass i Samisk barnehage i Oslo. Det er Oslo kommune som eig barnehagen. Det er 19 søkjarar til barnehagen i 2008, 8 av desse har samisk språkbakgrunn. Dei som i søknaden ikkje har oppgitt at dei har samisk bakgrunn, har fått melding frå kommunen at barn med samisk bakgrunn har fortrinn til plass.

I høve til Oslo kommune sine barnehageforskrifter, skal ledige plassar i den samiske barnehagen bli tilbydt barn som har samisk som morsmål. Deretter vert plass tilbydt dei barn som har norsk som morsmål med samiske føresette og samisk bakgrunn, og som ønskjer eit samisk barnehagetilbod. Dersom barnehagen har ledige plassar og det ikkje er søkjarar med samisk bakgrunn, vert plass tilbydt barn utan samisk bakgrunn. Samstundes vert det presisert at barn utan samisk bakgrunn må vike plassen dersom det seinare kjem søkjarar med samisk bakgrunn.

Samiske foreldre og føresette i den samiske barnehagen og Sametinget har uttrykt uro over at barn med norskspråkleg bakgrunn får plass ved ledig kapasitet. Ein fryktar mellom anna at dette vil påverke utviklinga i samisk språk. Eg er informert om at Oslo kommune og Sametinget har hatt eit møte hausten 2007, der ein mellom anna har drøfta om det er mogleg at barn med samisk bakgrunn frå andre kommunar kan få plass i barnehagen ved ledig kapasitet.

Eg legg til grunn at Oslo kommune, mellom anna i samarbeid med Sametinget, finn fram til ei løysing som gjer at barna i den samiske barnehagen får utvikla samisk språk og kultur på ein god måte.