Skriftlig spørsmål fra Gunvald Ludvigsen (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:876 (2007-2008)
Innlevert: 03.04.2008
Sendt: 04.04.2008
Besvart: 09.04.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Gunvald Ludvigsen (V)

Spørsmål

Gunvald Ludvigsen (V): Det er i dag store prisforskjellar for høghastigheits breiband mellom by og land, gitt same avstand til næraste sentral. Dette er i strid med intensjonane bak konsesjonsvilkåra til Telenor.
Vil samferdselsministeren endre konsesjonsvilkåra for Telenor sitt stamnett slik at bedrifter over hele landet er sikra høghastigheits breiband til lik pris, og vil statsråden vurdere å skille Telenors aksessnett ut i eget selskap?

Begrunnelse

I dag er prisen på høgkapasitets breiband for bedriftsmarkedet (100 MB) opp til 40 gonger høgare pr MB i distrikta enn i storbyane. Det skjer på trass av at stamnettet eigd av Telenor dekker heile landet på lik linje, og at prisen på grossistnivå er regulert og ifølge Telenor sin konsesjon skal vere lik over heile landet gitt same avstand til næraste sentral.
Dagens situasjon er ei alvorleg sperre for innovativ næringsutvikling i distrikta, og i strid med Regjeringas mål i Soria Moria-erklæringa om at "... alle husstander og private og offentlige virksomheter skal ha tilgang til et fremtidsrettet høyhastighetsnett til lik pris i hele landet".
Det er svært vanskeleg å sjå at dagens enorme forskjellar i pris på høgkapasitets breiband på distriktsmarknaden kan vere i tråd med Telenors konsesjonsvilkår og intensjonane bak desse. Ei mulig løysing er å skille ut aksessnettet som i dag blir kontrollert av Telenor i eit eige selskap. Det vil hindre at Telenor fortsatt får dominere hele verdikjeda på nettet, og gjere det mulig med kostnadsorientert prising av tilgang til stamnettet over heile landet. Ei slik løysing kan sikre at samfunnets grunnleggande infrastruktur på nytt kjem under offentleg kontroll.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eg legg til grunn at representanten Ludvigsen her siktar til ein artikkel i Nationen måndag 31. mars om web-bedrifta Localhost i Måløy kommune. Dessverre var det, som eg påpekte i intervju i Dagsnytt 18 same dag, ei rekkje feil i det faktiske grunnlaget for artikkelen og framstillinga av saka. Bedrifta Localhost er i dag kunde hos internettleverandøren Enivest og leveransen inneber ei rekkje krav om oppetid, redundans (omrutingsmoglegheiter)) i netta, fiber inn til bedrifta, bandbreidde etc. Dette var forhold som journalisten ikkje tok med i samanlikninga med tilboda i Oslo. Telenor har opplyst departementet om at dei har ein internettnode på Måløy og at bedrifta ligg 1 km frå denne. Prisen på den aktuelle leveransen frå Telenor ville derfor ha vore den same dersom bedrifta hadde lege i Oslo sentrum. Når det er sagt, er det rett at prisen for breiband med svært høg hastigheit til bedrifter aukar med avstanden frå internettnoda. Det finst derfor eksempel på bedrifter som må betale meir for desse tenestene på grunn av kor dei er plasserte, men Localhost i Måløy er ikkje ei av desse.

Representanten Ludvigsen meiner Telenor handlar i strid med konsesjonsvilkåra og ber meg om å endre konsesjonen. Telenor har ingen konsesjon for å drive stamnett eller levere breiband. Etter ekomlova kan departementet likevel inngå avtale med eller ved pålegg utpeike, ein eller fleire tilbydarar av elektroniske kommunikasjonsnett og –tenester for å sikre tilbod av leveringspliktige tenester over heile landet. Telenor er derfor pålagt gjennom avtale å levere mellom anna fasttelefoni, tilknyting til digitalt nett og samband opp til 2Mbit/s til bedrifter. Andre aktørar står og fritt til å etablere eigne nett. I tillegg til Telenor har vi i dag fleire andre tilbydarar av stamnett og raske samband til bedrifter og hushald. Konsesjonar innan telekommunikasjonar er berre aktuelt der det blir nytta frekvensressursar som er ein avgrensa ressurs.

Det er ikkje no aktuelt å skilje ut aksessnettet til Telenor for å redusere prisen på raske breibandslinjer til bedrifter. Telenor er pålagt å tilby andre aktørar tilgang til nettet på ikkje-diskriminerande vilkår og denne aktiviteten er allereie plassert i avdelinga Jara. Ei rekkje selskap er i gang med å byggje ut fiber og breibandslinjer over heile landet. Konkurransen fungerer godt, også i distrikta. Måløy kan vere eit godt døme på dette der den lokale tilbydaren Enivest er i stand til å konkurrere ut Telenor på pris og kvalitet på raskt breiband.