Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:892 (2007-2008)
Innlevert: 04.04.2008
Sendt: 07.04.2008
Besvart: 15.04.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Statens Vegvesen har i anbodsutlysinga på ferjesambandet Krakhella-Rutledal-Rysjedalsvika sett krav om at minstestandard for storleik av ferja til 35 personbilar, som er ein reduksjon på 11 bilar til dagens ferje. Oppstart er sett til 1. januar 2011. Alle politiske parti i Solund har i brev til Statens Vegvesen, datert 02.04.08 gjeve uttrykk for at dei ikkje kan godta anbodsutlysinga.
Vil statsråden ta initiativet overfor Statens Vegvesen for å påverke endring av anbodsutlysinga i tråd med Solund kommune sitt ønskje?

Begrunnelse

I brev frå alle dei politiske partia i Solund kommune til Statens vegvesen og fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, datert 02.04.08, har desse uttrykt undring over innhaldet i anbodsutlysinga på ferjesambandet Krakhella-Rutledal-Rysjedalsvika når det gjeld storleik av ferja som skal trafikkere dette sambandet.
I anbodsutlysinga er det sett krav om minstestandards for storleik til 35 personbilar, som er ein reduksjon på 11 bilar i forhold til den ferja som i dag trafikkerar sambandet.
Det vert også vist til at dei politiske partia er kjend med at Solund kommune gjennom sin dialog med Statens vegvesen ikkje har fått informasjon om planar om å redusere kapasiteten på ferja med omsyn til tal bilar.
Solund kommune er i dag i sluttfasen med utarbeiding av kommuneplan for perioden 2008-2020. Planen legg til rette for og føreset vekst i kommunen, både med omsyn til næringsliv og tal på innbyggjarar. Ein av dei viktigaste føresetnadane for vekst er gode kommunikasjonar, både for å få eit konkurransedyktig næringsliv og for trivselen til innbyggjarane i kommunen. I brevet til Statens vegvesen og fylkesordføraren i Sogn og Fjordane skriv dei politiske parti at dei ikkje godtek at offentlege instansar som Statens vegvesen og fylkeskommunen ikkje vektlegg premissane som er avgjerande for at kommunar som Solund skal bestå.
Dei skriv også at det ikkje er haldbart at kommunen ikkje får fleire ferjeavgangar før ev. 2011.
På bakgrunn av det som dei politiske partia i Solund skriv i sitt brev til Statens vegvesen og fylkesordføraren kan dei ikkje godta anbodsutlysinga slik den ligg føre for det aktuelle sambandet, og dei påpeikar at dette gjeld også for sambandet Daløy - Haldorsneset.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Statens vegvesen vurderer ferjestorleik ut frå dagens trafikk, kapasitetsutnytting på dagens ferjemateriell, vurdering av framtidig trafikkvekst og framtidig ruteopplegg.
I anbodsutlysinga for ferjesambandet Krakhella-Rutledal-Rysjedalsvika er talet på turar auka med 50 pst. på måndag, onsdag og fredag og meir enn 50 pst. på tysdag og torsdag. I tillegg aukar tilbodet på laurdag og søndag med to turar. Erfaring frå andre samband syner at når det vert utvida opningstid og fleire turar, fordelar trafikken seg over eit lengre tidsrom.
Ei ferje med kapasitet på 35 pbe ville normalt gje eit godt tilbod i eit samfunn med trafikkgrunnlag som Solund. Eg ser likevel at det kan gje eit dårleg signal å redusera krav til ferjestorleik. Solund kommune har hatt sterk nedgang i folketal dei siste åra. På den andre sida føregår det ei satsing på næringsutvikling og reiselivet er i vekst. Det er derfor viktig at ikkje ”storsamfunnet” sender signal som vert oppfatta å framskrive ei negativ utvikling i kommunen. Eg har derfor avgjort at minimumskravet til ferjestorleik i konkurransegrunnlaget vert endra til minimum 46 pbe. På dette punkt vil eg difor be Statens vegvesen om å justere konkurransegrunnlaget.
Statens vegvesen har i utlysinga fastsett driftsoppstart til 1.1.2011. Eg er oppteken av at tilbodsforbetringa som ligg i konkurransegrunnlaget skal kunne kome brukarane til gode så tidleg som mogeleg. Eg vil difor be Statens vegvesen å endre oppstart for drifta basert på anbodet til 1.1.2010.