Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:982 (2007-2008)
Innlevert: 23.04.2008
Sendt: 24.04.2008
Besvart: 30.04.2008 av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Den enkelte kommune har liten innverknad når det gjeld etablering av asylmottak.
Vil statsråden ta initiativ slik at lokale myndigheiter kan få høve til å belyse konsekvensane av etablering av asylmottak før UDI gjer endeleg vedtak, og gje kommunestyra ein vetorett mot slik etablering?

Begrunnelse

UDI skal auke mottakskapasiteten i Møre og Romsdal, og det er lyst ut anbodskonkurranse på asylmottak i Volda med plass til 125 personar. Kommunepolitikarane har ikkje blitt spurd.
Volda kommune er ei kommune med om lag 8300 innbyggjarar, som sidan 1994 har teke imot og integrert 335 kvoteflyktningar.
Lokaliseringa er innafor eit særs avgrensa område i tilknyting til eit relativt nytt bustadfelt. Dette vil gje eit slags gettopreg over mottaket, som igjen fører til uroa innbyggjarar.
Det kommunale tenesteapparatet er heller ikkje stort nok til å takle dette mottaket utan store omleggingar med påfølgjande kostnadar.

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Eg viser til at eg 28. januar i år svara på eit liknande spørsmål frå representanten Ulf Leirstein. Den eksisterande mottakskapasiteten er no sprengd, og Utlendingsdirektoratet (UDI) må etab-lere om lag 3 000 nye plassar. Medan vi i budsjettproposisjonen for 2008 hadde lagt til grunn at det ville komme 5 500 asylsøkjarar i år, har ein no auka prognosane til 10 500. UDI har fått delegert ansvar for at det til ei kvar tid er tilstrekkeleg med mottaksplassar i Noreg.

Det har i alle år vore ei hovudutfordring å tilpasse kapasiteten til behovet. Som eg skreiv i sva-ret til representanten Leirstein, er det tre faktorar som er særleg viktige:

• Vi har eit internasjonalt ansvar for å tilby statleg innkvartering til asylsøkjarar, og asylsøkjarar har på si side ein lovfesta rett til eit slikt tilbod, jf. utlendingslova § 41 a første ledd.

• Løyva til drift av dei statelige mottaka er basert på at i gjennomsnitt minimum 80 pst. av transittplassane og 90 pst. av dei ordinære plassane skal vere i bruk. Dette inneber at mottak blir nedlagde når talet på asylsøkjarar blir redusert, og at mottak blir etablerte når talet på nye asylsøkjarar aukar. Dersom vi ser dei siste åra i samanheng, har driftsutgiftene til statlege mottak i gjennomsnitt låge på om lag 1 milliard kr per år. Nokre år har utgiftene vore høgare, og i andre år lågare. Ein større overkapasitet enn 10 – 20 pst. ville medført at utgiftene hadde vore enda høgare enn dei allereie er. Eg er redd UDI då ville fått kritikk for å betale for plassar som ikkje er i bruk.

• Talet på nye asylsøkjarar varierer, og det er svært vanskeleg å fastslå kor stort behovet for mottaksplassar vil bli på førehand. Ser vi på utviklinga dei siste 5 åra, kom det til dømes 17 400 asylsøkjarar i 2002 og 5 300 i 2006. Det kan og vere store variasjonar i løpet av eitt år. Vinteren 2007 kom det om lag 300-400 asylsøkjarar per månad, medan det i desember kom over 800.

Dei tre forholda eg har vist til over, må sjåast i samanheng. Det er då viktig at UDI har høve til å etablere og leggje ned mottak i takt med dei endringane ein ser i talet på nye asylsøkjarar og gjennomstrøyminga gjennom mottakssystemet når det gjeld busetjing og retur. Det er ve-sentleg at slike etableringar og nedleggingar kan skje raskt. Som eg sa i svaret til representan-ten Leirstein, ville ein alternativ modell der kommunane fekk godkjenne alle etableringar på førehand, føre til at etableringane ville ta mykje lenger tid enn i dag. Skulle UDI vere i stand til å tilby innkvarteringsplassar til alle nye asylsøkjarar i periodar med stor tilstrøyming, ville det innebere at mottakskapasiteten måtte vere vesentleg større enn i dag. Det ville bety fleire mottak og lågare utnytting av kapasiteten. Dette ville igjen bety langt høgare utgifter. På bak-grunn av dette, kan eg vanskeleg sjå for meg noko betre alternativ enn det systemet vi har i dag, og som vi har hatt dei siste 20 åra.

Eg vil avslutningsvis understreke at eg er oppteken av at UDI skal ha eit best mogeleg samar-beid med aktuelle kommunar rundt etablering, drift og nedlegging av asylmottak, og at infor-masjon til kommunar og naboar skal bli gitt så tidleg som mogeleg. Samstundes er auken vi no ser i talet på asylsøkjarar krevjande. Det er difor naudsynt at også kommunane bidrar positivt slik at Noreg kan ivareta sine internasjonale forpliktingar.