Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1003 (2007-2008)
Innlevert: 28.04.2008
Sendt: 29.04.2008
Besvart: 09.05.2008 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Ambulansane i Sogn og Fjordane er ikkje utstyrt for å kunne setje i gang Trombolyse-behandling av pasientar med hjarteinfarkt, som dei kan i Møre og Romsdal, og som er medisinsk begrunna som svært livreddande. Dei ansvarlege for ambulansetenesta i fylket forsvarar mangelen på dette med for høge kostnadar.
Vil statsråden ta initiativet overfor Helse Førde, for å medverke til at Trombolyse-behandling vert tilgjengeleg i ambulansane i Sogn og Fjordane, ikkje minst ut ifrå fylket sine klimatiske og geografiske forhold?

Begrunnelse

Ein er kjend med at andre helseføretak som t.d. i Møre og Romsdal og i Helse Fonna-området har Trombolyse-behandling tilgjengeleg i ambulansane, som vil kunne bety liv eller død for dei det gjeld.
Grunngjevinga for deira val er vanskelege klimatiske og geografiske forhold, der det til tider tek lang tid å kome til adekvat behandling på sjukehus, noko som også i aller høgste grad gjeld Sogn og Fjordane.
Grunngjevinga frå dei som har ansvaret for ambulansetenesta i Sogn og Fjordane er av økonomisk art, då dei meiner kostnadane ved å ha ei slik behandling tilgjengeleg i ambulansane er for høg. Det må ikkje vere økonomiske kriteria som vert lagt til grunn for at folk skal kunne overleve eller dø.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Eg er samd med representanten Åge Starheim i at befolkninga skal ha tryggleik for god medisinsk hjelp ved akutt somatisk og psykisk sjukdom eller skade. Eg ser dette som eit viktig velferdsgode.
Dei medisinske tiltaka og tenestene som er aktuelle ved akutte sjukdoms- eller skade¬tilstandar blir ofte omtalt som den akuttmedisinske kjeda. Ambulansetenesta er ein stadig viktigare del av denne akuttmedisinske kjeda. Ambulansetenesta har i løpet av dei siste par tiåra utvikla seg frå å vere ei teneste med vekt på transport til å bli ei medisinsk teneste. Ny teknologi og medisinsk utvikling har gjort det mogeleg å starte avansert behandling allereie i ambulansen.
I dag skal ambulansetenesta vareta befolkninga sine behov for oppdatert prehospital diagnostikk, stabilisering, behandling og transport til riktig behandlingsnivå i tråd med moderne behandlingsprinsipp. Representanten Åge Starheim er oppteken av at trombo-lysebehandling ved akutt hjarteinfarkt bør gjerast tilgjengeleg i ambulansetenesta, og viser til at ambulansetenesta i Sogn og Fjordane ikkje har dette tilbodet.
Det er viktig at eit akutt hjarteinfarkt behandlast så raskt som mogeleg for å betre overleving og redusere komplikasjonar. Det er dei regionale helseføretaka som har ansvaret for ambulansetenesta, på lik linje med anna spesialisthelseteneste. Helse Vest RHF, som har ansvaret for ambulansetenesta i Sogn og Fjordane, har i den samanheng orientert meg om at i fagmiljøa blir PCI-behandling (perkutan koronar intervensjon) heldt for å vere den beste behandlinga. Dette inngrepet, som blir gjort på sjukehus, inneber at ein går inn i ei blodåre og gjennom denne blokkerer ut den tronge blodåra ved hjelp av f. eks. stenter, ballong eller laser. Dette er eit inngrep som bør gjerast så tidleg som mogeleg, helst innan 2-4 timar etter at symptoma starta. Denne behandlinga reduserer komplikasjonar, gir lågare dødstal og raskare betring hos pasientar med akutt hjarteinfarkt.
Helse Vest RHF har sidan 2004 behandla akutt hjarteinfarkt med PCI. Behandlinga er lokalisert til Haukeland Universitetssjukehus og Stavanger Universitetssjukehus. Helse Vest RHF viser til at det er etablert god transportkapasitet i helseregionen, slik at desse sjukehusa vil kunne gi denne behandlinga innan ca. 2 timar som er den tidsgrensa som er sett.
For pasientar som ikkje kan transporterast til eitt av desse sjukehusa innan tidsgrensene, er det etablert eit tilbod med prehospital trombolysebehandling, dvs. at ambulansetenesta gir pasientane trombolysebehandling. Denne behandlinga inneber at medisinar settes inn i blodårene for å løyse opp blodproppen. Medisinane som blir nytta har god effekt på hjarteinfarktet, men aukar risikoen for blødingar.
Slik den faglege ekspertisa i Helse Vest RHF vurderer det, bør PCI og trombolysebehandling ikkje kombinerast. Dette som følgje av blødingsfaren. Då PCI i fagmiljøa vert rekna med som den beste behandling, har Helse Vest RHF avgrensa prehospital trombolyse til dei få som av ulike grunnar ikkje kan transporterast til Haukeland eller Stavanger. Ifølgje Helse Vest RHF er dette ei veletablert og godt fungerande ordning i helseregionen. Det er ei fagleg vurdering som ligg til grunn, og økonomi har ikkje vore ein avgjerande faktor.
Eg er likevel kjend med at Helse Førde arbeider med å få etablert lokale akuttmedisinske team. Ifølgje Helse Vest RHF inneber dette at kompetent fagpersonell reiser ut og støttar ambulansane i alvorlege tilfelle. Ei slik ordning kan eksempelvis verar aktuell for pasientar med akutt hjarteinfarkt. Helse Førde vil derfor mellom anna vurdere korleis behandlinga av pasientar med akutt hjarteinfarkt kan organiserast ved etablering av akuttmedisinske team.
Som nemnd fyrst, er eg samd med representanten Åge Starheim i at befolkninga skal ha tryggleik for god medisinsk hjelp ved akutt somatisk og psykisk sjukdom eller skade. Eg kan derfor også forsikre om at eg følgjer utviklinga nøye, slik at befolkninga, også i Sogn og Fjordane, skal vere sikra god medisinsk hjelp ved akutte sjukdoms- eller skadetilfelle.