Skriftlig spørsmål fra Vera Lysklætt (V) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1009 (2007-2008)
Innlevert: 28.04.2008
Sendt: 29.04.2008
Besvart: 07.05.2008 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Vera Lysklætt (V)

Spørsmål

Vera Lysklætt (V): Ifølge avisa Sagat den 24. april så ligger det i dag rundt 150000 nye og ferdigproduserte samiske lærebøker på ulike forlagslager. Dette samtidig med at det er en stor mangel på lærebøker i den samiske skolen.
Hva vil statsråden gjøre slik at disse kan bli tatt i bruk av elever og lærere over hele landet som sårt trenger disse læremidlene i undervisningen?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Eg viser til spørsmål vedrørande oppslag i avisa Sagat 24. april 2008 om at det ligg om lag 150 000 ferdigproduserte samiske lærebøker på ulike forlagslager, samtidig som det er stor mangel på samiske lærebøker i den samiske skulen.

Ifølgje opplæringslova § 9 – 3 skal skulane ha tilgang til nødvendige læremiddel. Vidare seier § 13 – 10 at kommunen/fylkeskommunen/skuleeigaren har ansvar for at krava i opplæringslova og forskriftene vert følgde, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal oppfyllast. Eg forventar at skuleeigaren følgjer lova. Eg vil be Utdanningsdirektoratet be Fylkesmannen sjå nærmare på saka.

Kunnskapsdepartementet er og i dialog med Sametinget om korleis vi kan samarbeide for å gjere læremiddelsituasjonen for samiske elevar betre. Vi vil mellom anna sjå på ansvarsfordelinga for produksjonen av læremidla, og korleis produksjonen kan gå raskare og bli meir effektiv.