Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:1211 (2007-2008)
Innlevert: 02.06.2008
Sendt: 03.06.2008
Besvart: 10.06.2008 av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Staten er ein betydeleg eigar i Telenor og andre store norske selskap som har mykje internasjonal aktivitet. Globalisering og auka internasjonal aktivitet kan stille desse selskapa på utfordringar i høve til samfunnsansvar og oppfølging av etiske retningsliner.
Korleis meiner næringsministeren at staten kan bruke sitt eigarskap for å medvirke til at Telenor og andre selskap staten har eigarskap i, følgjer opp sine etiske retningsliner på alle nivå og er leiande i å ta samfunnsansvar?

Begrunnelse

I den siste tida har det i media kome fram fleire uheldige sider ved aktiviteten til Telenor sitt dotterselskap Grameenphone i Bangladesh. Informasjon og påstandar om barnearbeid, ulykker med dødeleg utfall og dårlege og farlege arbeidstilhøve har kome fram. Dette er hendingar som har skjedd hjå underleverandørar av Grameenphone, men er likevel alvorleg for eit selskap som Telenor. Det som har skjedd er, i tillegg til å vere av så alvorleg karakter, også brot på Telenor sine etiske retningsliner og brot på lover i Bangladesh.
Telenor har vedgått at oppfølginga av selskapet sin aktivitet i Bangladesh har vore for dårleg. Telenor har soleis tatt tak for å rydde opp i tilhøva og for å betre sine system og oppfølgingsrutinar. Dette er positivt, men viser også at selskapet sine rutinar ikkje har vore gode nok ved at dei har vore for dårleg implementerte i alle delar av selskapet sin verksemd, inkludert underleverandørar.

Dag Terje Andersen (A)

Svar

Dag Terje Andersen: Regjeringa forventar at alle verksemder tar samfunnsansvar, uavhengig av om dei er eigd av private eller offentlege aktørar. Eg forventar likevel at selskap med statleg eigardel skal vere leiande i dette arbeidet.

Rolledelinga mellom eigar, styret og verksemda er definert i internasjonalt aksepterte standardar for Corporate Governance. Desse retningslinjene omfattar so vel økonomiske høve som samfunnsansvar. Det er viktig at staten er ein profesjonell eigar og på dette feltet. Bedrifter sitt samfunnsansvar er selskapa og styret sitt ansvar å ivareta på ein god måte. Men eg forventar at selskap der staten er eigar er i framkant i å ta samfunnsansvar.

Regjeringa har i Stortingsmelding nr. 13 Et aktivt og langsiktig eierskap og i regjeringa sitt eigarpolitikkdokument uttrykt ei rekke forventningar til selskap med statleg eigardel knytta til tverrgåande omsyn. Desse omfattar blant anna miljø, omstillingar, arbeidet mot korrupsjon og HMS-forhold.

Nærings- og handelsdepartementet følgjer desse forventningane opp i den kvartalsvise eigardialogen med alle selskapa. Frå i år har departementet også hatt eigne kontaktmøte med alle selskapa om samfunnsansvar, kor etiske retningslinjer har blitt gjennomgått, samt utgreiing av korleis desse blir fylgt opp. Eg forventar at selskapa sine etiske retningslinjer vert gjort offentleg tilgjengeleg. Eg vil også vurdere om det er andre tiltak som kan nyttast for å sikre at arbeidet med samfunnsansvar er tilstrekkeleg ivaretatt.

Når det gjeld saka om Telenor si verksemd i Bangladesh, og graverande høve hjå underleverandørar av Grameenphone, så vart departementet varsla om dette allereie den 17. april. Vi bad om forklaring på kva som hadde hendt og spurde òg korleis Telenor ville følgje saka opp. Sia har vi hatt jamleg kontakt. Eg er vorte forsikra om at Telenor vil gjera det dei kan for å rydde opp i tilhøva og for å betre sine system og oppfølgingsrutinar.