Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1221 (2007-2008)
Innlevert: 03.06.2008
Sendt: 04.06.2008
Besvart: 11.06.2008 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Direktoratet for Naturforvaltning (DN) vil ikkje akseptera dyrking av genmodifisert mais i Norge. Samstundes vil DN opna for import av slik mais. Bioteknologinemnda og Naturvernforbundet åtvarer mot dette. KrF er sterkt kritisk til DN sitt vedtak. Me kan ikkje sjå at lova sitt tilleggskrav om samfunnsnytte og berekraft er ivareteke. Det har generelt vore betydeleg skepsis innad i regjerinsgpartia til ei slik utvikling.
Vil statsråden verkeleg for første gong opna for import av genmodifisert mais i Noreg?

Begrunnelse

DN sendte i går ut ei tilråding om å godkjenna import av to typer genmodifisert mais, sjølv om direktoratet ikkje ønskjer å opna for dyrking av desse maistypane i Noreg. Om Miljøverndepartementet stør DN si vurdering vil genmodifisert mat for første gong verta importert til Norge.
DN har heilt medvetent vald å ikkje leggja vekt på loven sitt krav om samfunnsnytte. Naturvernforbundet seier til Nationen 3. juni 2008 at DN si haldning er dobbeltmoralsk: "Man er redd for spredning av genmaisen til Norge, men bidrar til dyrking i andre land." Bioteknologinemnda seier i same oppslag at "Vi har sagt helt klart nei til import av disse to maistypene. Vi mener det strider mot to klare tilleggskrav i loven som omhandler samfunnsnytte og bærekraft".
Noreg har fått gjennomslag for at me sjølv kan avgjera kva genmodifiserte organismar som kan seljast og settjast ut i Norge. Me har dermed ein strengare godkjenningspraksis enn EU. Norske styresmakter vurderar import og dyrking av genmodifiserte organismer etter kriteria miljø, helse, etikk, samfunnsnytte og berekraft.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Eg viser til telefaks av 4. juni 2008 frå Stortingets presidentskap vedlagt spørsmål frå Stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn.

Departementet har nyleg motteke Direktoratet for naturforvaltning sine anbefalingar til Noregs holdning til to typar genmodifisert mais og ein type genmodifisert raps som er godkjend i EU.

Genteknologilova sett som kjend strenge krav for godkjenning. Utsetting av GMO og bruk av GMO som mat, fôr eller til dyrking, kan berre godkjennas når det ikkje er fare for miljø- og helsemessige skadeverknadar. Det skal dessutan leggast vesentleg vekt på om utsettinga har samfunnsmessig nytteverdi og er egna til å fremma ei bærekraftig utvikling.

Departementet vil nå vurdere saka grundig i henhald til genteknologilova og Regjeringas restriktive haldning til genmodifiserte organismar.