Skriftlig spørsmål fra Laila Dåvøy (KrF) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1444 (2007-2008)
Innlevert: 25.08.2008
Sendt: 26.08.2008
Besvart: 01.09.2008 av helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen

Laila Dåvøy (KrF)

Spørsmål

Laila Dåvøy (KrF): Helse Bergen HF vil halvere antall døgnbehandlingsplasser fra 16 til 8 plasser, ved Blåbærlia, et tverrfaglig behandlingstilbud for unge mennesker med psykose/schizofreni og behov for lengre behandlingsopphold. Ifølge overlegeforeningen mangler det faglige og økonomiske argumenter for å gjøre dette. Dette vil skje samtidig som det innføres en ventetidsgaranti for barn og unge med psykiske lidelser.
Mener statsråden at dette er i tråd med intensjonene i opptrappingsplanen for psykisk helsevern?

Begrunnelse

Unge mennesker med psykose er en sårbar gruppe, som bør prioriteres. Mange av disse pasientene har omfattende funksjonssvikt og spesielle behandlingsbehov. Behandlingsopplegget kan variere fra tre måneder til opptil et par år. Statens helsetilsyn har ved en rekke anledninger påpekt at helsetilbudet til mennesker med alvorlige og sammensatte psykiske lidelser ikke er godt nok mange steder.

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Jeg har på bakgrunn av dette spørsmålet bedt Helse-Vest RHF om å redegjøre for situasjonen rundt Blåbærlia i lys av Opptrappingsplanen for psykisk helse(1998-2008) og generelle styringssignaler. Fra svaret derfra vil jeg sitere følgende:

"Unge menneske med ei alvorleg sinnsliding som schizofreni/psykose er ei prioritert gruppe innan Helse Bergen HF sin psykiatriske spesialist helseteneste. Det er semje om at dette er ei særs sårbar gruppe, kor dårlege behandlingsresultat og dårleg prognose har vore gjennom-gåande.

Tilbod i dag

Tilbodet til denne målgruppa i Helse Bergen HF er i dag i stor utstrekning knytt til behandlingstilbod i sjukehus. I dag er det to hovudtiltak, Blåbærlia med to sengeposter med totalt 16 døgnplassar. Dei pasientane som er der i dag har ei gjennomsnittleg liggetid på omlag 1.5 år ( 8 mnd. - 3.5 år).

Vidare er det ein sengepost med 8 plassar knytt til utgreiing av schizofreni/psykose problematikk. Her er liggetida mellom 4/6 månader.

Målgruppa for tiltaka er i utgangspunktet 18 -30 år. Snittalderen for pasientane i desse tiltaka i dag er om lag 24år, med den lågaste alderen i utgreiingsposten.

Postane er godkjente for tvungent psykiske helsevern, men dei er alle opne postar, noko som gjer det problematisk å ta imot dei sjukaste, og pasientar i akuttfasen av sjukdommen får i dag sitt tilbod i dei ålmenne psykosepostane på sjukehuset. Fram til no har det diverre ikkje vore etablert eit eiga tilbod til denne gruppa på DPS nivå.

Grunngjeving av endringar

Blåbærlia si kapasitetsutnytting er ikkje optimal - Til det er liggetida for lang, med ei fare for institusjonalisering som resultat. Tilbodet blir heller ikkje tilstrekkeleg spissa, og er ikkje godt nok tilpassa inn i eit samla behandlingstilbod.

Vi må utnytte kapasiteten på ei anna måte til beste for dei unge som vert råka av ei slik alvorleg sjukdom. Vi ønskjer og å utvikle eit meir differensiert tilbod som i større grad er tilpassa målgruppa sin trong for tenester.

Unge menneske med ei alvorleg sinnsliding skal i så stor grad som mogleg få sitt tilbod i sitt nærmiljø. Dette er ei tydeleg trend vi finn både nasjonalt og internasjonalt. Vi har som mål å gjere det mogleg for desse menneske å få utvikle sine sjølvstendige liv. Denne visjonen føreset og eit godt samspel mellom spesialisthelsetenesta sine ulike tilbod og kommunane sine tiltak til denne gruppa.

Unge menneske med ei schizofreni/psykose liding er ei gruppe menneske som har trong for tiltak og tenester både frå kommunane og spesialist helsetenesta over lang tid.

Det er difor viktig å komme i inngrep med denne pasientgruppe så raskt som mogleg med fagleg gode tenester. Intensjonen vår er å utforme behandlingstilbodet slik at vi får ei god effekt av behandlinga. Målsettinga er at unge i denne pasientkategorien i størst mogleg utstrekning skal få sjanse til å ta styring over eigne liv.

Unge menneske som vært råka av desse sjukdomane har etter vårt syn krav på ei fagleg grundig utgreiing – ei utgreiing som kan gje retning på den behandling som den einskilde pasient har trong for. Vår utgreiingskapasitet er for låg. Slik vi ser det krev denne utgreiinga og spesialkompetanse som bør vere på 2/3 line nivå avhengig av kor sjuk pasienten er ved observasjonstidspunktet.

Frå den kliniske kvardagen kjem det mange pasientar som er både alvorleg sinnslidande og som har eit alvorleg rusproblem. Dette gjeld og for gruppa unge schizofrene/psykotiske. Denne pasientgruppa stiller behandlingssystemet overfor store utfordingar. Det er no fagleg konsensus at vi skal sette i verk behandling parallelt både i høve den psykiske lidinga og rusproblematikken.

Realisering av nye tiltak til denne målgruppa

I Helse Bergen HF vert det arbeidd med å styrke tilbodet til denne gruppa både på DPS nivå og sjukehusnivå. I gjeldande regionale helseplan for psykisk helse er det lagt opp til ei spesialisering på sjukehusnivå mellom anna knytt til nybygg og ei styrking av tilbod på DPS - nivå gjennom auka bruk av poliklinikk/ambulante tiltak og familiebehandling.

Vi vil no styrke utgreiingskapasiteten både kvalitativt og kvantitativt med å styrke ei utgreiingspost med 2 plassar frå 8 til 10 plassar i ei spesialpost som er lagt til rette for å ta i mot dei sjukaste. På sjukehusnivå manglar vi i dag eit tilbod til dei sjukaste i målgruppa som krev sengeposter med lukka dør. Gjennom dette tiltaket vil dette bli ivareteke.

Gjennom ei planlagt reduksjon av plasstalet i Blåbærlia har vi funne rom for eit meir differensiert tilbod innan psykisk helsevern for denne målgruppa.

Denne plassreduksjonen skjer gjennom at pasientar vert overført til DPS/andre tiltak.

Vi vil og etablere ei eiga post for dobbeltdiagnosar med 8 plassar retta inn mot dei mellom 18 og 30 år. Dette tiltaket startar opp i september 2008, og vert realisert gjennom å omgjere ei allmenn akutt psykosepost til ei spesialisert akuttpost for unge med ei dobbeltdiagnose. Denne endringa er ei bevisst prioritering frå Helse Bergen HF sin side for å styrke tilbodet til unge.

I 2009 vil såleis tilbodet til unge schizofrene/psykotiske i Helse Bergen HF vere:

- Styrka utgreiingspost både kvalitativt og kvantitativt med totalt 2 plassar frå 8 til 10 plassar og omdanne posten til ein lukka post

- Oppstart av ei post for dobbelt diagnosar med 8 plassar

- Ei behandlingspost med 8 plassar i Blåbærlia



I samband med vidareutviklinga av robuste distriktspsykiatriske sentre i vårt opptaksområde er denne målgruppa gitt prioritet. Dette gjeld både i høve ambulante tenester, poliklinikk og døgntilbod.

I det vidare vert det arbeidd med å få realisert eit nytt bygg for denne målgruppa. Gjennom eit strukturert samspel internt i spesialisthelsetenesta og med kommunane skal vi få realisert eit fagleg godt tilbod som både har i seg den naudsynte fleksibilitet og har ei differensiering som gjer det mogleg å realisere målet om at menneske med ei alvorleg sinnsliding skal kunne utvikle eigne sjølvstendige liv."

Helse Vest RHF og Bergen HF opplyser videre at omleggingen også er et uttrykk for en nødvendig økonomisk prioritering, og at man ved dette kan nå flere som trenger hjelp innenfor tilgjengelige økonomiske rammer.

Omstillingen av Blåbærlia synes å være i tråd med intensjonene i Opptrappingsplanen for psykisk helse. Jeg vil ellers peke på at samhandling mellom kommunene og spesialisthelsetjenesten fremdeles er en stor utfordring. Derfor har jeg tatt initiativet til den nye store helsereformen - samhandlingsreformen . Formålet er å få på plass forpliktende økonomiske og juridiske modeller for samhandling, slik at ikke minst denne gruppen av unge mennesker med sammensatte og langvarig behov for behandling og oppfølging får et helhetlig tilbud.

Jeg har tillit til at omstillingsprosessen i Helse-Vest RHF fra institusjonsbasert langtids-behandling til utadrettede, moderne behandlingsformer innebærer en god bruk av ressursene til beste for unge med psykiske lidelser.