Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:34 (2008-2009)
Innlevert: 06.10.2008
Sendt: 07.10.2008
Besvart: 14.10.2008 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Skulen i Kvam har lenge samarbeidd med NLA-høgskulane i Bergen, private høgskular med kristen basis. Desse høgskulane er opne for alle, uansett livssyn, og dei har offentlig godkjende eksamenar. Kvam heradsstyre gjorde nylig vedtak om at heradet for framtida skal "søkje livssynsnøytrale utdanningsinstitusjonar som samarbeidspartnarar". Dette var eit vedtak som retta seg mot NLA-høgskulene.
Har heradet høve til å diskriminera private høgskular med kristen basis på denne måten?

Begrunnelse

Kvam heradsstyre gjorde følgjande vedtak 1. juli i år i forbindelse med godkjenning av kompetanseutviklingsplanen for skulen i Kvam for 2008:
HST-104/08 Vedtak:

1. Kompetanseutviklingsplan for skulen i Kvam 2008 vert godkjent.
2. For framtida skal heradet søkje livssynsnøytrale utdanningsinstitusjonar som samarbeidspartnarar, om ikkje livssynshøgskulen kan dokumentere betre kompetanse innan bestemt felt.

KrF reagerar sterkt på vedtaket, ettersom det ikkje vart gjeve nokon nærare faglig grunngjeving. Eg stillar meg sterkt tvilande til om dette er i samsvar med gjeldande lovverk. Det synest som om dette dreier seg om diskriminering av NLA-høgskulane fordi dei har ein kristen basis. Dette er i så fall fullstendig uakseptabelt.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: I spørsmålet blir det bede om at Kunnskapsministeren tek stilling til om dei private NLA-høgskulane blir diskriminerte gjennom vedtak av Kvam heradsstyre. Ei slik sak er ikkje regulert av opplæringslova eller anna regelverk som Kunnskapsdepartementet har ansvaret for. Det er Barne- og likestillingsdepartementet som har hand om lov om forbod mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion med vidare (diskrimineringslova). Eg har derfor kontakta Barne- og likestillingsdepartementet som opplyser følgjande:

Barne- og likestillingsdepartementet har ikkje høve til å gå inn i enkeltsaker, men vil likevel skissere korleis lovverket på dette området generelt er å forstå. For at diskriminering skal liggje føre etter diskrimineringslova, må fleire vilkår vere oppfylte.

Det eine er om forholdet er omfatta av dei diskrimineringsgrunnlaga som er opprekna i lova. Lova omfattar mellom anna diskriminering på grunn av religion. Vidare må det klargjerast om diskrimineringsforbodet i lova omfattar juridiske personar, og ikkje berre enkeltpersonar. Det følgjer av § 4 andre ledd i diskrimineringslova at forbodet mot direkte diskriminering omfattar personar og føretak. Dreier det seg om indirekte diskriminering, er det berre personar som er verna.

Det kan uansett vere høve til å behandle ulikt. Forskjellsbehandling som er nødvendig for å oppnå eit sakleg formål, og som ikkje grip unødvendig inn i høve til den eller dei som blir behandla ulikt, blir ikkje sett på som diskriminering, jf. § 4 fjerde ledd.

Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda er dei institusjonane som forvaltar diskrimineringslova. Dersom det er ønskjeleg med ei vurdering i høve til lova, må saka i tilfelle takast opp med ombodet.