Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:141 (2008-2009)
Innlevert: 24.10.2008
Sendt: 24.10.2008
Besvart: 30.10.2008 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Vil utanriksministeren i ljos av ny og omfattande dokumentasjon frå Palestinian Media Watch erkjenna utfordringane knytta til hatpropaganda mot palestinske barn og stilla tydeligare krav til dei palestinske sjølvstyresmaktene om at dette må opphøyra?

Begrunnelse

Eg takkar for utanriksministeren sitt svar på mitt spørsmål 17. september i år, som stadfestar at me har dei same intensjonane kring desse spørsmåla. Samstundes seier utanriksministaren i svaret 26. september at det verkar "som denne type innslag på eit barneprogram ikkje er vanleg og at [Fatah-TV] ikkje kan seiast å drive indoktrinering av born eller å fornekta Israel sin rett til å eksistere."
Ny og grundig dokumentasjon frå Palestinian Media Watch tilseier diverre noko anna. Fatah-TV har til dømes vist eit skulefjernsynsprogram gjentatte gonger i perioden august 2007 til oktober i år, der unge vert opplært i at Israel ikkje eksisterar og at heile Israels territorium er Palestina. Ulike barne- og ungdomsprogram med dette bodskapet har i år vore sendt på Fatah-TV gjennom heile siste halvår: 10. april, 21. juli, 1. september, 15. september, 18. september og 20. september. Musikkvideoar på Fatah-TV retta mot unge har same bodskap: Israel har inga rett til å eksistera og må verta øydelagt. Hatefulle bodskap om at Israel spreiar aids og narkotika vart sendt på Fatah-TV 2. desember 2007. Falske videoklipp av israelske tanks som skyt mot palestinske barn vart sendt 15. mai i år. Terroristar vert gjennomgåande hylla, slik som i programma som vart sendt 5. og 7. juli om Samir Kuntar.
Dette gjeld ikkje berre Fatah-TV, men også PA-kontrollerte aviser, som til dømes har hatt historiar om jødar som begår nazi-liknande eksperimenter og holocaust mot palestinarar (jf. avisene Al-Hayat Al-Jadida, 20. mars og 6. juli 2008 og Al Ayyam, 20. mars 2008).
Palestinian Media Watch dokumenterar også at fotballturneringar og fotballag for barn vert oppkalla etter tidligare terroristar.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: La meg få understreke at Regjeringa tek avstand frå all bruk av tv-program som direkte eller indirekte spreier hat eller oppmodar til terror.
Eg erkjenner at så lenge det ikkje ligg føre ein fredsavtale mellom israelarane og palestinarane vil det vere utfordringar knytta til det som vert oppfatta som propaganda frå begge sider. Grenseavklaring mellom Israel og ein framtidig palestinsk stat er eit sentralt tema i sluttstatusforhandlingane. Før det vert semje om desse grensene vil grupper på begge sider av konflikten nytte massemedia til å hevde sine posisjonar på spørsmålet og referere til det historiske Palestina som sin geografiske eining. Eksempelvis syner israelske meteorologiske kart og turistkart heile det historiske Palestina, og palestinarane brukar kartet som eit nasjonalt symbol. Dette betyr imidlertid ikkje at partane nektar for kvarande sin rett til å eksistere.
Norge støtter den politiske prosessen som no pågår mellom Israel og palestinarane og der målet er ei tostatsløysing. Partane si oppfølgjing av forpliktingar og tillitsskapande tiltak er sentral i å skape framdrift i prosessen, og gjensidig respekt og anerkjenning er ein føresetnad for å få ei løysing. Å bidra til å byggja ein felles verkeleghetsforståing vil vere eit særs viktig element i å oppnå varig fred. Dette er eit viktig bodskap Norge kjem til å halde fram med å formidle til begge partar, og eg vil ta dette opp i nært forestående samtaler med president Abbas.