Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til fornyings- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:187 (2008-2009)
Innlevert: 29.10.2008
Sendt: 29.10.2008
Besvart: 07.11.2008 av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Tusenvis av rusmisbrukarar, barnevernsbarn og eldre står i fare for å mista tilbodet sitt på grunn av Regjeringa sin knallharde anbodspolitikk. KrF føreslo i vår at ideelle institusjonar i sektoren skulle få unntak frå anbodskravet. Regjeringspartia viste i samband med Stortinget si handsaming av saka til at Regjeringa ville sjå nærare på saka. Men no hastar det. Nokre institusjonar har allereie vorte nedlagt.
Vil statsråden no umiddelbart ta tak i dette, og syta for at desse brukarane får behalda tilbodet sitt?

Begrunnelse

Det er ein overhengande fare for at uerstattelege institusjonsplassar, som ideelle organisasjonar driv innan barnevern og rus- og eldreomsorg, kan forsvinna på grunn av det tøffe anbodsregimet som den raud-grøne regjeringa praktiserer. Mange brukarar av desse plassane, som er avhengige av langsiktighet og stabilitet, gjev uttrykk for djup uro over dette. Dette skjer under ei raudgrøn regjering som gjekk til val på ikkje å "setta bestemor på anbod", og medan me er midt oppe i ei global finanskrise, som meir enn nokon gong har streka under behovet for å unngå einsidig marknadstenking.
Fornyings- og administrasjonsministeren gav i vår uttrykk for betydeleg sympati for forslaget vårt, men sa samtidig at ho trong meir tid.
Ap sin nestleiar, Helga Pedersen, sa nylig at dette var noko hennar parti ville sjå på i samband med programarbeidet for neste stortingsperiode. Men det hjelper ikkje med hederleg omtale, dersom desse viktige og uerstattelege institusjsonsplassane forsvinn, og brukarane vert ramma.
Det er til dømes tusenvis av rusmisbrukarar i kø for å få plass for avrusing, medan ideelle institusjonar har ledig kapasitet som ikkje vert utnytta. Det verkar som om Regjeringa synes det er betre at rusmisbrukarar døyr i ein statleg kø, enn at dei får tilbod frå ein ideell institusjon. Det er fullstendig uakseptabelt. Eg krev at fornyings- og administrasjonsministeren tek tak i dette no.

Heidi Grande Røys (SV)

Svar

Heidi Grande Røys: Eg viser til spørsmål frå stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn om unntak frå anbodskravet for kjøp av institusjonsplassar frå ideelle organisasjonar innan barnevern, rus- og eldreomsorg. Sørfonn hevdar at regjeringas ”tøffe anbodsregime” fører til at ideelle organisasjonar innan barnevern og rus- og eldreomsorg forsvinn, og spør om eg vil ta tak i dette, og syte for at brukarane får behalde tilbodet sitt.

Først og fremst vil eg takke for at stortingsrepresentanten held fokus på denne viktige problemstillinga. Eg meiner at dei ideelle organisasjonane sitt samfunnsmessige engasjement er svært viktig. Desse bør kunne levere helse- og omsorgstenester til det offentlege, og tenestene må halde god kvalitet.

Dagens unntak

I innkjøpssamanheng viser omgrepet ”anbodskonkurranse” til ei prosedyreform som set strenge grenser for kva kommunikasjon som kan skje mellom oppdragsgivar og leverandør. Ved kjøp av helse- og sosialtenester stiller regelverket aldri krav til bruk av denne prosedyreforma. Oppdragsgivar kan i staden velje å nytte prosedyreforma ”konkurranse med forhandling”, der partane kan forhandle om alle sider av tilbodet.

For kjøp av helse- og sosialtenester frå ideelle organisasjonar har vi eit eige unntak i forskrifta. Unntaket vart innført som ei prøveordning av Bondevik II-regjeringa i 2004. Denne regjeringa har vidareført dette unntaket, men òg gått eit steg vidare og innført eit tilsvarande unntak for kontraktar om levering av opptrenings- og rehabiliteringstenester, sjølv der desse tenestene ikkje vert leverte av ein ideell organisasjon.

Unntaket inneber at ein ikkje treng å kunngjere slike kjøp på Doffin, med dei prosessuelle krava som følgjer av ei slik kunngjering. Dei må likevel følgje lova og dei grunnleggjande krava i forskrifta.

Om eit eventuelt unntak frå kravet til konkurranse

Spørsmålet om ein kan gjere unntak frå kravet til konkurranse reiser komplekse problemstillingar av både juridisk og faktisk karakter, mellom anna fordi EØS-avtalen og dei EØS-rettslege prinsippa må følgjast ved kjøp av helse- og sosialtenester. I svaret mitt til Stortinget i samband med handsaminga av representantforslaget, dok. 8:76 (2007-2008), omtala eg nokre av problema forslaget reiser.

Mellom anna vil eit fullstendig unntak frå lova sitt krav til konkurranse for innkjøp av slike tenester frå ideelle organisasjonar, reise spørsmål til korleis kvar enkelt innkjøpar kan syte for ei korrekt vurdering av spørsmålet om kontraktar har såkalla ”grenseoverskridande interesse” og korleis ein kan overhalde dei EØS-rettslege prinsippa som krav til gjennomsiktleg handsaming og likehandsaming. Dette er spørsmål som ein generelt må tru er svært utfordrande å ta stilling til for kvar enkelt innkjøpar.

Ein må òg sjå på korleis ein kan sikre at det ikkje oppstår ulovleg ulik handsaming mellom dei ideelle organisasjonane og dei kommersielle aktørane.

I tillegg må en sjå på kva tenester som eventuelt skal verte unnatekne frå lova sitt krav til konkurranse. Det må vurderast om tenestene fell inn under føresegnene om helse- og sosialtenester i innkjøpsdirektivet, eller om dei fell inn under andre kategoriar av uprioriterte eller prioriterte tenester. Dette er viktig, ettersom regelverket er ulikt for dei forskjellige tenestetypane.

Regjeringa ser på dei juridiske og praktiske utfordringane, og vil komme tilbake til Stortinget med dette ved eit seinare høve.

Nærare om praktiseringa av anskaffingar av barnevern, rus- og eldreomsorg

Det er viktig at det offentlege opptrer profesjonelt og dermed sikrar at helse- og omsorgstenestene held god kvalitet til ein fornuftig pris. Skal vi få til dette, meiner eg det er avgjerande at innkjøpsregelverket vert brukt på rett måte.

Representanten Sørfonn trekkjer særleg fram innkjøp av tenester knytte til barnevern, rus- og eldreomsorg. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har derfor vore i kontakt med Barne- og likestillingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, for å få utfyllande informasjon om praksisen derifrå, som er tatt inn nedanfor.

Eldreomsorg

I forhold til eldreomsorg og omsorgstenester, er det kommunane som inngår avtalar med ideelle organisasjonar om t.d. drift av sjukeheimar, dagtilbod og heimetenester. Kommunane praktiserer innkjøpsregelverket noko ulikt. I Oslo deltek dei ideelle organisasjonane t.d. i anbodsrundar der dei konkurrerer med kommersielle leverandørar om drift av sjukeheimar. I ein del andre kommunar nyttar ein unntaksføresegna i innkjøpsregelverket ved inngåing av avtalar og reforhandling av kontraktar med ideelle organisasjonar.

Barnevern

Det som er best for barnet skal alltid vere overordna i alt arbeid barnevernet gjer, og det skal liggje individuelle vurderingar til grunn for alle tiltak barnevernet set i verk for det enkelte barnet.

Situasjonen som representanten skildrar, der sårbare grupper står i fare for å miste tilbodet sitt eller må stå i kø fordi ideelle organisasjonar ikkje får fornya kontakt, er ei beskriving som ikkje stemmer for det statlege barnevernet. Eit barn vil ikkje stå utan tilbod i det statlege barnevernet som følgje av at organisasjonar ikkje får fornya kontrakt. I utgangspunktet er det heller ikkje slik at eit barn må flytte frå ein institusjon til ein annan fordi institusjonen ikkje får forlengd den aktuelle kontrakten. I dei fleste slike tilfelle vil plassen framleis verte kjøpt av Bufetat av omsyn til barnet sitt beste, ved at Bufetat reforhandlar vilkåra med leverandøren med utgangspunkt i den opphavlege kontrakten. Bufetat vil likevel i kvart enkelt tilfelle måtte gå inn og vurdere den konkrete situasjonen, fordi det i enkelte tilfelle ikkje er mogleg for institusjonen å drive vidare eller at institusjonen ikkje er beste for barnet.

Det statlege barnevernet er i dag avhengig av å nytte private aktørar for å dekkje trongen for institusjonsplassar i det statlege barnevernet. Bufetats årsrapport for 2007 viste at halvparten av institusjonsplassane i det statlege barnevernet vert drivne av private organisasjonar (både ideelle og kommersielle). Ved innkjøp av private tiltak skal lov og forskrift om offentlege innkjøp følgjast. Offentlege innkjøp, medrekna kjøp av barnevernstenester, skal vere gjennomsiktige, godt dokumenterte og opne for alle relevante leverandørar.

Ved kjøp av private plassar, har stortingsfleirtalet slutta seg til at ideelle aktørar skal prioriterast framfor kommersielle. Ei prioritering av ideelle organisasjonar skal medverke til at dei ressursane som vert brukte på barnevern skal komme barna til gode og ikkje generere store overskot og utbyte hos kommersielle aktørar.

Bufetat er derfor pålagd å utnytte unntaksføresegna i Forskrift for offentlige anskaffelser, § 2,1 tredje ledd, som gjeld kjøp av helse- og sosialtenester frå ideelle organisasjonar, så langt dette er mogleg. Det betyr at Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir) frå og med 2008 gjennomfører eigne separate konkurransar der berre ideelle organisasjonar kan delta.

Eg gjer merksam på at Bufetat ikkje skaffar private institusjonsplassar ved bruk av anbodskonkurransar, men ved bruk av konkurranseforma konkurranse med forhandlingar. I denne konkurranseforma har partane høve til å føre diskusjonar og forhandlingar om alle forhold ved tilboda, irekna òg kvaliteten på tenestene. I anbodsprosessen derimot, har ein ikkje høve til å påverke tenestekvaliteten etter at tilbodet er levert. Dette er årsaka til at Bufetat ikkje kjøper barnevernstenester etter anbodsprinsippet, men nyttar innkjøpsforma konkurranse med forhandlingar. Bruken av denne konkurranseforma er òg ein fordel for leverandørane som dermed får moglegheit til å komme i dialog med Bufdir i anskaffingsprosessen.

I februar 2008 vart det òg gjort eit politisk vedtak med desse endringane i Bufetats prosedyrar ved anskaffingar frå ideelle organisasjonar:

- For å sikre eit meir stabilt system skal lengda på avtalane som ein inngår utvidast frå 2+1+1 år til 4+1+1 år. Som ei følgje av at lengda på avtalane vert utvida, må organisasjonane vere villige til å inngå kontraktar med klausular om at organisasjonane må tilpasse seg endringar i institusjonsbehovet.

- Det skal stilles krav om at alle ideelle og kommersielle organisasjonar som tilbyr tenester i barnevernet har lønns- og arbeidsvilkår som ikkje er dårlegare enn det som følgjer av gjeldande tariffavtale, regulativ eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke.

- Å avvikle ein institusjon til fordel for ein ny, inneber å bryte opp eit fagmiljø og i mange situasjonar å bryte opp noko som mange barn og unge ser på som ein heim. For å redusere faren for dette, skal det leggjast vekt på desse faktorane når ein vel institusjon ved inngåing av ny kontrakt:

- Unge sin trong for å fullføre eit barnevernsopphald

- Trongen for å oppretthalde gode og stabile fagmiljø

- Allereie etablerte samarbeidsrelasjonar til kommunalt barnevern og andre fagområde som for eksempel barne- og ungdomspsykiatrien

Rusomsorg

Det er dei regionale helseføretaka som har ”syte-for” ansvaret for å yte spesialisthelsetenester til befolkninga innan eigen helseregion.

Det vil derfor vere opp til dei regionale helseføretaka sjølve å vurdere om dei skal tilby tenester som dei regionale helseføretaka sjølve eig, eller om det er trong for å kjøpe dette frå private aktørar. Innan tverrfagleg spesialisert handsaming for rusmiddelavhengige, vert om lag 60 % av den samla døgnkapasiteten i dag eigd og drive av private aktørar, i hovudsak private ideelle organisasjonar/stiftelsar.

Ved rusreforma vart ansvaret for tverrfagleg spesialisert handsaming overført frå fylkeskommunane til staten ved dei regionale helseføretaka. Dei avtalane som fylkeskommunane hadde med private tenesteytarar på rusfeltet, vart då overførte til dei regionale helseføretaka. Etter dette har nokre av dei regionale helseføretaka forlengd desse avtalane utan at dei har gjennomført anskaffingsprosessar.

Som kjent har Helse Sør-Øst RHF i 2008 likevel gjennomført ein innkjøpsprosess, i form av ein konkurranse med forhandling. I denne prosessen har Helse Sør-Øst RHF gjennom konkurransen og forhandlingane lagt vekt på å inngå avtalar med dei private som kunne tilby dei kvalitativt beste tenestene. Føreåt for denne prosessen la Helse Sør-Øst RHF ut eit konkurransegrunnlag, slik at alle som ynskte dette, kunne vite kva for kriterium som vart lagde til grunn for anskaffinga.

Av i alt 33 private leverandørar som leverte inn tilbod, var det 15 institusjonar som fekk tilbod om avtale. Det at ikkje alle som ynskjer å få ein avtale, får tilbod om dette, ligg i sjølve konkurransen sin karakter. Alternativet til den valde prosessen – konkurranse med forhandlingar – ville vere å gjere ”direktekjøp”, eller meir korrekt omtalt som ”kjøp etter forskriftas del I”, med utvalde institusjonar. Ein slik prosess føreset som nemnt òg konkurranse, og dermed ei utveljing, og vil heller ikkje kunne sikre at alle institusjonar som ønskjer det, vil kunne få tilbod om avtale.

Det er eit mål for regjeringa at dei regionale helseføretaka skal ha ein meir einskapleg prosess for kjøp av tenester frå private.