Skriftlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:212 (2008-2009)
Innlevert: 04.11.2008
Sendt: 05.11.2008
Besvart: 14.11.2008 av helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Rusmisbrukarar står i kø for å få rusbehandling, medan ideelle institusjonar har ledig kapasitet som ikkje vert nytta. På grunn av Regjeringa sin knallharde anbodspolitikk har nokre av desse ideelle institusjonane allereie vore nedlagt, imot brukarane sine ønske. KrF føreslo i vår at ideelle institusjonar i helse- og omsorgssektoren skulle få unntak frå anbodskravet.
Synes statsråden at det er betre at rusmisbrukarar står i ein statleg kø, enn at dei får eit tilbod frå ein ideell institusjon?

Begrunnelse

Det er ein overhengande fare for at uerstattelige institusjonsplassar, som ideelle organisasjonar driv innan rusomsorgen, kan forsvinna på grunn av det tøffe anbodsregimet som den raud-grøne Regjeringa praktiserer. Mange brukarar av desse plassane, som er avhengige av langsiktighet og stabilitet, gjev uttrykk for djup uro over dette. Dette skjer under ei raud-grøn regjering som gjekk til val på ikkje å "setta bestemor på anbod", og medan me er midt oppe i ei global finanskrise, som meir enn nokon gong har streka under behovet for å unngå einsidig marknadstenking.
Fornyings- og administrasjonsministeren gav i vår uttrykk for betydeleg sympati for forslaget vårt, men sa samtidig at ho trong meir tid.
Ap sin nestleiar, Helga Pedersen, sa nylig at dette var noko hennar parti ville sjå på i samband med programarbeidet for neste stortingsperiode. Men det hjelper ikkje med hederleg omtale, dersom desse viktige og uerstattelege institusjonsplassane forsvinn, og brukarane vert ramma.
Tusenvis av rusmisbrukarar står i kø for å få plass for avrusing, medan ideelle institusjonar har ledig kapasitet som ikkje vert utnytta. Det verkar som om Regjeringa synes det er betre at rusmisbrukarar står i ein statleg kø, enn at dei får tilbod frå ein ideell institusjon.
Det er fullstendig uakseptabelt. Eg krev at helse- og omsorgsministeren tek tak i dette no.

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Eg kan forsikre representanten Hareide om at Regjeringa sitt mål er at rusmiddelmisbrukarar skal ha eit likeverdig helsetilbod som andre pasientgrupper i Noreg. Eg vil óg understreke at ideelle og private institusjonar er ein viktig del av tenesteapparatet, og det kjem dei framleis til å vere.
Med omsyn til kjøp av tenester for tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelavhengige, er dette ei oppgåve som er gitt dei regionale helseføretaka som ein del av "sørgje for"-ansvaret.
Som kjent har Helse Sør-Øst RHF nyleg gjennomført ein prosess når det gjeld kjøp av tenester innan tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige. Departementet er orientert om dette kjøpet og at kjøp har vore gjennomført i tråd med gjeldande regelverk for offentleg kjøp. Helse Sør-Øst RHF har valt å nytte metoden - konkurranse med forhandlinger. Alternativet til ein slik prosess som Helse Sør-Øst valde, ville anten vere ein konkurranse om anbod eller kjøp utan kunngjering på førehand (jf. unnatak i forskrift om offentleg anskaffing knytta til ideelle). Unnataket i forskrift om offentleg anskaffing gir ingen adgang til å kunne velja ut og kjøpe tenester frå einskilde ideelle institusjon. En slik prosess - konkurranse utan kunngjering på førehand - forutset at alle ideelle institusjonar som ynskjer å delta, skal gis adgang til dette.
Opplysingar eg har fått frå Helse Sør-Øst RHF fortel at dei rusmiddelavhengige som etter vurdering blir gitt rett til nødvendig helsehjelp innan tverrfagleg spesialisert behandling i helseregion Sør-Øst, auka frå om lag 70 pst. i 2006 til 86 pst. i 2. tertial 2008. Denne delen er meir enn 10 pst. høgare enn den delen som blir gitt rett til nødvendig helsehjelp innan psykisk helsevern for vaksne og vesentleg høgare enn innan somatikken. Det vert vidare rapportert at andelen pasientar med fristbrot på pasientrettane har gått ned frå 15 pst. i 1. tertial 2008 til 11 pst. i 2. tertial 2008. Framleis er det eit uakseptabelt høgt tall på fristbrot, og dette vil eg følgje opp, mellom anna gjennom oppdragsdokumentet til dei regionale helseforetaka for 2009.
Når det gjeld ventetid til behandling, er eg samd med med representanten Hareide i at denne er for lang. Data frå Norsk Pasientregister viser at gjennomsnittleg ventetid til tverrfagleg spesialisert behandling har auka ifrå 67 til 75 dagar fra 1. tertial 2007 til 1. tertial 2008 landet sett under eitt. Sjølv om ventetida og har auka i Helse Sør-Øst, har likevel regionen kortaste ventetid i landet med 65 dagar i 1. tertial 2008.
Samtidig som eg deler representanten Hareide si uro for dei mange rusmiddelavhengige som står i kø for å komme til behandling, vil eg understreke at regjeringa óg gjer noko for å betre på situasjonen. Eg viser her til at vi gjennom St.prp. nr. 1 (2008-2009) har foreslått å styrkje tverrfagleg spesialisert behandling med 155 mill. kroner inkludert LAR. I tillegg er det lagt inn forslag om 1,5 pst. aktivitetsvekst innan spesialisthelsetenesta generelt, noko som óg vil komme rusfeltet til gode. Elles vil vi i oppdragsdokumentet til dei regionale helseforetaka for 2009 setje som målkrav at den prosentvise auken i ressursbruken innan tverrfagleg spesialisert behandling og psykisk helsevern skal vere større enn innan somatikken. Innan tverrfaglig spesialisert rusbehandling er det eit særleg behov for auka kapasitet.
Eg er óg oppteken av å få fram at det truleg ligg uutnytta kapasitet i den samla rustenesta slik den i dag er organisert. Langt meir enn eit spørsmål om pengar, er korleis vi kan innrette rustenestene med omsyn til å fange opp rusmisbruk på eit tidleg tidspunkt. I tillegg til at vi skal styrkje akutt- og avrusingstilbodet, LAR og ambulante tenester i tida som kjem, er det viktig å sjå på korleis tenestene kan arbeide meir effektivt for å minke talet på nye misbrukarar og betre redusere skadeverknadene før problema blir akutte og kronifiserte. Dette krev at alle aktørar i rusfeltet må samhandle på ein forpliktande måte om den einskilde brukar gjennom heile behandlings- og rehabiliteringsgangen, og tenestene må i større mon organisere arbeidet utifrå ein førebyggings- og tidleg intervensjonstenking. Vidare er det naudsynt å minke avstanden og redusere terskelen mellom tenesteapparatet og brukarane. Brukarane må vere trygge på at det er mogleg å få hjelp der dei bur, og at hjelpa kjem når dei treng det. Desse utfordringane blir no møtt med ulike satsingar frå departementet si side jf. St.prp. nr. 1 (2008-2009), og er forankra i Opptrappingsplanen for rusfeltet.
Ut frå dei tilbakemeldingar eg har fått frå mellom anna tenesteapparatet, er det i dag særskilde utfordringar når det gjeld å få dei ulike tjenestetiltaka til å hengje saman slik at den enkelte brukar får ei meir heilslakleg og saumlaus oppfølging. Dette ønskjer eg å ta tak i gjennom arbeidet med den planlagde samhandlingsreforma for helse- og omsorgsfeltet som blir lansert i april til neste år.
Eg håpar med dette at representanten Hareide har fått tilfredsstillande svar på spørsmålet sitt.