Skriftlig spørsmål fra Jan Sahl (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:397 (2008-2009)
Innlevert: 05.12.2008
Sendt: 05.12.2008
Besvart: 12.12.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Jan Sahl (KrF)

Spørsmål

Jan Sahl (KrF): SAS er inne i ei vanskelig tid. Det er no viktig å oppretthalda Noregs posisjon slik at rutetilbodet ikkje vert svekka. Trafikken knytta til Noreg er viktig for selskapet. Samstundes har Danmark ein sterk posisjon i konsernet, trass i at landet nesten ikkje har innanlands trafikk.
Kva gjer Regjeringa for at norske arbeidsplassar sikrast og for at norske passasjerar vert sikra eit forsvarlig rutenett i framtida, og vert det til dømes overlatt til SAS sin administrasjon å føra forhandlingar med potensielle oppkjøparar?

Begrunnelse

SAS opplev no krevjande tider og det har vore forhandlingar med eksterne oppkjøparar om salg av SAS. SAS-konsernet freistar å kutta kostnadar og gjera konsernet betre i stand til å konkurrera. Me veit også at trafikkveksten knytta til Noreg har vore stor dei siste åra, noko som tilseier fleire direktefly frå Norge, ikkje at trafikken vert slusa via København for å sikra Kastrups eksistens.
KrF er oppteken av at norske interesser vert ivareteke på ein best mulig måte, og krev at Regjeringa gjev denne saka høgste prioritet. Det fortener norske arbeidstakarar i konsernet og alle dei norske passasjerane som reiser med SAS.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eg er oppteken av å ha eit godt flytilbod i heile landet. Regjeringa sikrar dette gjennom ei rekke ulike grep. Eit av dei viktigaste er å oppretthalde dagens flyplasstruktur, slik regjeringa har slått fast i Soria Moria erklæringa. Regjeringa bruker også betydelege beløp på å kjøpe flyruter som ikkje er lønnsame for kommersiell trafikk.

Det store fleirtalet av flyreiser i Noreg vert utførd på ruter som driv på kommersielle vilkår. Slik skal det også vere i framtida, og eg oppfattar at det er brei politisk semje om dette. Denne politikken har gjeve grunnlag for å både sikre eit bredt rutetilbod og sikre norske arbeidsplassar.

Resten av svaret er utarbeidd i samråd med Nærings- og handelsministeren, då det gjeld forvaltinga av statens eigarskap i SAS:

Den norske staten eig 14,3 prosent av aksjane i SAS AB. Målet med eigarskapet er forretningsmessig slik det går fram av St.prp. nr. 13 (2006 – 2007) Et aktivt og langsiktig eigarskap.

SAS er eit fullt ut kommersielt selskap. Som eigar er regjeringa oppteken av å utføre eigarskapet på ein aktiv og profesjonell måte innanfor dei rammene som ligg i lovgjevinga. Det er selskapet som har ansvaret for drifta og som må løysa dei utfordringane som ligg i å gje eit godt tilbod til passasjerane, og som samstundes er lønsamt for selskapet. Regjeringa legg til grunn at styret i SAS arbeider med å sikra verksemda på lang sikt.

I tilfelle styret i SAS ønskjer å foreslå ei løysing som krev støtte frå aksjonærane i SAS, så vil regjeringa ta stilling til dette på vanleg måte. Regjeringa vil i samband med viktige eigaravgjersle søka å koordinera seg med den danske og den svenske staten.