Skriftlig spørsmål fra Kjell Arvid Svendsen (KrF) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:402 (2008-2009)
Innlevert: 05.12.2008
Sendt: 08.12.2008
Besvart: 12.12.2008 av landbruks- og matminister Lars Peder Brekk

Kjell Arvid Svendsen (KrF)

Spørsmål

Kjell Arvid Svendsen (KrF): Omsettingsrådet, der staten er representert, fatta nylig eit vedtak om å utsetja finansiering av det såkalla snu sauen-prosjektet mot fotråte på sau. Dermed mister prosjektet 14 mill. kroner. Samstundes har Landbruks- og matdepartementet etter avtale med landbrukssorganisasjonane tidligare sett av 18,6 mill. kroner til tiltak mot fotråte.
Har Regjeringa endra strategi, og vil Regjeringa sikra at pengane til fotråteprosjektet kjem på plass, og at tiltak fram til sommaren vert gjennomført som forutsett?

Begrunnelse

Det er no skapt tvil rundt finansieringa av kampen mot fotråte etter at representantar for Regjeringa i omsetningsrådets arbeidsutvalg var med på vedtaket om utsetting av den varsla løyva. Mange besetningar er igang med nødvendige, kostnadskrevjande tiltak, og brukarar er usikre på om landbruks- og matministeren held det han har lova. Utsettinga vert sett på som manglande oppfølging av tilråding frå Mattilsynet, og skapar vanskar for ein effektiv kamp mot sjukdomen på bruksnivå.
KrF krev at landbruks- og matministeren medverkar til at pengane kjem på plass, og at tiltak fram til sommeren vert gjennomført som forutsett. Landbruksdepartementet har mellom anna høve til å gripa inn overfor omsetningsrådet dersom vedtak i rådet er i strid med avtalar mellom partane, eller dersom det er i strid med viktige samfunnsinteresser. KrF har vanskelig for å sjå at vedtaket ikkje er i strid med avtalar mellom partane, eller med viktige samfunnsinteresser.

Lars Peder Brekk (Sp)

Svar

Lars Peder Brekk: Eg vil understreke at vi ikkje har endra strategi i høve til fotråteprosjektet. I tillegg til at fotråte ikkje er i samsvar med dei høge krava til velferd som er ynskt både av næringa, Mattilsynet og dei politiske myndigheitene, så har sjukdommen også direkte effekt på produksjon og økonomi.

Næringa, Veterinærinstituttet og Mattilsynet har i fellesskap teke initiativet til og utarbeidd prosjektet ”Friske Føtter”. Prosjektet har som målsetting å kartleggje omfanget av sjukdommen og bakgrunnen for utbrota. Vidare skal prosjektet bidra til å redusere vidare utbreiing av sjukdommen og om mogleg utrydda han. Prosjektet skal og leggje til rette for behandling av husdyrhald der sjukdommen er konstatert.

Eg har hatt møte med avtalepartane i jordbruksoppgjeret og andre sentrale aktørar for å diskutere gjennomføringa og finansieringa av prosjektet. Det vart oppnemnt eit styre for prosjektet der alle dei sentrale aktørane er representert.

Avtalepartane i jordbruksoppgjeret går inn for å finansiere kostnader knytt til prosjektet ”Friske føtter” for 2008 og det første halvåret i 2009 ved mellom anna å omfordele 4,6 mill kr på Jordbruksavtala for 2008. I tillegg har Landbruks- og matdepartementet i samråd med Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag bedt Omsettingsrådet om å taka omsyn til behovet for midlar til prosjektet for 2008 og første halvåret 2009 ved fastsettinga av maksimalsatsar for omsetningsavgifta for 2009. Det er Styringsgruppa for prosjektet som har utarbeidd og oversendt søknad om midlar frå Omsettingsrådet. Avtalepartane vil under jordbruksforhandlingane i 2009 kome tilbake til finansieringa av prosjektet for andre halvåret i 2009 og 2010.

Det er Omsettingsrådet som må vurdere om tiltaka er innanfor formålsparagrafen. Bruken av omsetningsavgiftsmiddel må vurderast ut frå formålet til lova om at tiltaka skal fremme omsettinga av jordbruksvarer, samt den praksisen som er etablert mhp. middel til faglege tiltak. Bruken av omsettingsavgifta vil innebere at sauenæringa kollektivt bidrar med midlar til oppfølging av fotråteproblematikken.

Vi er kjende med at Omsettingsrådet har utsett avgjerda i saka for å dekkje ytterlegare informasjonsbehov om saka. Statens landbruksforvaltning er sekretariat for Omsettingsrådet. Statens landbruksforvaltning opplyser at Omsettingsrådet har delegert myndigheit for å treffe vedtak i saka til Arbeidsutvalet for rådet, og at dei legg opp til å ha eit møte for å drøfte saka før årsskiftet.

Eg vil avvente endeleg behandling i Omsettingsrådet før eg eventuelt tek ytterlegare initiativ i saka.