Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:445 (2008-2009)
Innlevert: 15.12.2008
Sendt: 16.12.2008
Besvart: 07.01.2009 av nærings- og handelsminister Sylvia Brustad

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): 23. oktober aksjonerte Økokrim mot DnB NOR og la beslag på dokument som strekk seg attende til 1995. Økokrim sier dei må gå attende i tid for å sjå banken sitt handelsmønster. Men DnB NOR nektar Økokrim å sjå andre dokument enn dei som er frå dagane rundt den mulige innsidehandelen. KrF reagerar i likskap med Eva Joly sterkt på dette.
Vil statsråden no nytta den statlige eigarmakta for umiddeltbart å stansa DnB NOR sitt urimelige og urovekkjande atterhald av dokument frå Økokrim?

Begrunnelse

Korrupsjonsjegaren Eva Joly sier til NRK 12. desember at "DnB NOR prøver å sverte tilliten til Økokrim ved å holde tilbake dokumenter om innsidesaken mot banken". Ho strekar under at det ikkje er mistenkte i ei sak som skal bestemma kva dokument påtalemakta skal ha tilgong til, og legg til at Økokrim har teieplikt.
KrF er samd med Joly i at DnB NOR med dette sender særs uheldige signalar, fordi dei kastar ein form for mistanke på Økokrim. Det er heilt uakseptabelt at Noregs største bank, der staten eig 34 pst. av aksjane, skal freista å bestemma kva dokument påtalemakta skal få tilgong til. KrF meiner at dette medverkar til å undergrava Økokrims tillit i samfunnet, og krev at statsråden nyttar den statlige eigarmakta i banken til umiddelbart å få satt ein stopp for DnB NORs atterhald av dokument frå Økokrim. Stortingsrepresentant Heikki Holmås (SV) sier til VG 3. november at "Vi er opptatt av at staten skal være en krevende eier, som skal presse på for at banken ikke skal være en versting i markedet". Eg vonar at statsråden no viser at den raud-grøne regjeringa er samd i dette.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Eg ser alvorleg på at Økokrim har sikta DnB NOR Bank ASA og to personar tilsett i verdipapirforetaket DnB NOR Markets grunna mistanke om brot på føresegnene i verdipapirhandellova. Det er Økokrims syn at det er grunn til mistanke om brot på verdipapirhandellova sine føresegner i samband med DnB NOR Banks salg av statsobligasjonar føre Finansdepartementets og Norges Banks tiltakspakke overfor bankane 12. oktober 2008.
Det er selskapets styre og leiing som er ansvarleg for å følgje opp denne saka. Staten som eigar er oppteken av at styret følgjer opp saka på ein grundig måte. Det er viktig at alle relevante fakta kjem på bordet slik at selskapet sjølv og dei relevante styresmaktene har det naudsynte grunnlaget for vidare handtering. Eg har tillit til at styret gjennomfører dette på ein best mogeleg måte.
I samband med etterforskinga må DnB NOR ha same høve til å bruke rettergangsskritt som følgjer av prosesslovene som andre rettsubjekt. Dersom det er forhold under etterforskinga partane er usamde i so er det opp til domstolane å avgjere spørsmåla. Det er ikkje i samsvar med rolledelinga i eit allmennaksjeselskap at ein av eigarane går inn i detaljane i verksemda og pålegg selskapet å ikkje bruke dei prosessuelle rettane som følgjer av rettspleielovene dersom banken meiner det er grunnlag for det. Eg legg til grunn at DnB NOR rettar seg etter dei rettskraftige avgjerslene som domstolane kjem fram til.
Då saka er under etterforsking har eg ikkje fleire kommentarar nå.