Skriftlig spørsmål fra Modulf Aukan (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:578 (2008-2009)
Innlevert: 26.01.2009
Sendt: 26.01.2009
Besvart: 03.02.2009 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Modulf Aukan (KrF)

Spørsmål

Modulf Aukan (KrF): Det er komne nye takstar for bompengar på Krifast. I dette høvet er det oppstått forvirring etter oppslag i avisene frå oktober 2008. Dette gjeld for folk som bur på Bergsøya.
Kva er dei gjeldande takstane for 2009 for innbyggarane i Gjemnes kommune som bur på Bergsøya?

Begrunnelse

I høve forlenginga av bompengeperioden for prosjektet Krifast, vart det søkt om at innbyggarane på Bergsøya i Gjemnes kommune, der bomstasjonen ligg, skulle få 50 % rabatt på korttaksten ved passering av bommen. Begrunninga var at folket som bur på øya brukar "halve anlegget" når dei reiser mot Molde eller mot Kristiansund N.
Det kan sjå ut som Fastlandsfinans A/S kjem i skade for å blande begrepa når dei i søknaden 11.04.05 ber om at: "Det søkes om at rabatt ved kjøp av kort for beboerne på Bergsøya justeres fra 20% av ORDINÆR takst til 50%" Det riktige her skulle vel være 50 % av ordinær KORTTAKST.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Ifølgje St.prp. nr. 41 (2007-2008) blei det i den lokale behandlinga av saka lagd til grunn at noverande innkrevjingsordning og takstar skulle behaldast. Kommunane Tingvoll, Gjemnes og Frei gjekk inn for å auke rabattsatsane for bebuarane på Bergsøya og for dagpendlarar. Statens vegvesen gjekk i mot ei slik endring av rabattstrukturen for nokre særskilte grupper. Statens vegvesen la til grunn at eventuelle endringar i takst- og rabattsystemet måtte sjåast i samanheng med ei eventuell større omlegging av takst- og rabattsystemet som samtidig var i samsvar med gjeldande takstretningsliner. Dette var ikkje ønskeleg lokalt.
Samferdselsdepartementet støtta denne vurderinga frå Statens vegvesen, jf. St.prp. nr. 41 (2007-2008), ei vurdering som blei bekrefta av Stortinget i Innst. S. nr. 184 (2007-2008) og Stortinget si vidare handsaming av saka gjennom vedtak i Stortinget 22. april 2008.
Ved kjøp av rabattkort betaler bebuarane på Bergsøya 75 pst. av prisen som andre trafikantar betaler.

Dei konkrete takstane for bebuarane på Bergsøya er, med bruk av rabattkort, frå januar 2009 følgjande:

- For barn og vaksne: kr 6,23/kr 15,63 pr. passering.

- For moped/motorsykkel: kr 18,- pr. passering.

- For kjøretøy til og med 6 meter eller tillaten totalvekt maksimalt 3500 kg: kr 31,50 pr. passering.

- For kjøretøy frå og med 6,01 meter til og med 12,4 meter med tillaten totalvekt over 3500 kg: kr 108,- pr. passering.

- For kjøretøy over 12,4 meter: kr 180,- pr. passering.