Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:675 (2008-2009)
Innlevert: 09.02.2009
Sendt: 10.02.2009
Besvart: 18.02.2009 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Det er stor frustrasjon hos verksemder og folk i Vik angåande stenging/ nattestenging av Vikafjellet på vinterstid. Eg viser til tidlegare initiativ frå politisk hald og andre i Vik for å halde fjellet døgnope. Eg vil også vise til brev frå Samferdsledepartementet, datert 22.08.07, til ordføraren i Vik kommune, der statsråden skriv at ho vil kome tilbake til døgnope fjell i årlege budsjett, utan at dette har skjedd.
Vil statsråden syte for at det snarleg vert sett av midlar til å halde Vikafjellet døgnope?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Riksveg 13 Vikafjellet er ein lang og vêrhard fjellovergang. Over fjellet er det delvis einfeltsveg, og standarden er lågare enn for andre fjellovergangar. På fjellet er det mye nedbør og vind som gjer forholda krevjande for brøytemannskap, brøyteutstyr og trafikantar.

Dagens ordning er slik at vegen er open heile døgeret inntil vêrtilhøva blir så usikre at ein må innføra nattestenging. Nattestenging vert normalt innført frå om lag 01.12. og avslutta om lag 31.03. Vegen er da nattestengt mellom kl. 22.00 til 07.00. I kortare eller lengre periodar, om vinteren, kan rv. 13 Vikafjellet vera mellombels stengt eller stengt på grunn av uver eller fare for uver. Til no i vinter har fjellet vore midlertidig stengt i 628 timar. I tillegg har ein hatt kolonnekøyring i 123 timar. Hovudvekta av stengingane kom som følgje av uver og stenging på grunn av ras/rasfare (periodane 16.12.08-23.12.08 og 10.01.09-27.01.09). I desse periodane var vêrtilhøva slik at ein måtte ha stengt vegen uavhengig av ein mogleg døgnberedskap. Dette seier noko om kor vêrhardt fjellet til tider er i tillegg til at fjellet er utsett for raske vêrendringar.

Etter at eg svara ordføraren i Vik, var det for vinteren 2007/08 bestemt at ein ville auke kapasiteten med ein ekstra fres på Vikafjellet. Dette vart gjort for at ein raskare skal kunne opne fjellet etter stengingar på grunn av uver. Denne ordninga har ein vidareført for vinteren 08/09.

I høve ein mogleg innføring av permanent døgnope fjell gjennom heile vinteren, vil dette by på visse tryggleiksutfordringar. Delar av strekningane er utsett for snøras. Ved visse vindretningar får ein oppbygging av snøfonner som kan føre til ras/rasfare. I dei periodane ein har desse tilhøva, er det ein fordel å kunna nattestenge vegen av tryggleiksomsyn til både trafikantar og brøytemannskap. På delar av høgfjellsstrekninga er det dessutan usikker mobildekning, noko som ved hendingar kan representere ein svekka tryggleik.

Vik kommune er i ei særstilling ved at kommunen er stengt inne utan kommunikasjonsmoglegheiter ut av kommunen når fjellet er stengt og ferja legg til kai for kvelden. Eg har hatt mange samtalar med representantar for næringslivet i Vik og spørsmålet har vore teke opp frå ordføraren i Vik ved fleire høve.

På grunnlag av initiativa frå næringsliv og politisk nivå i Vik kommune er eg i ferd med å sjå nærare på om det er mogleg å halde Vikafjellet ytterlegare døgnope.