Skriftlig spørsmål fra Gunnar Gundersen (H) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:686 (2008-2009)
Innlevert: 11.02.2009
Sendt: 11.02.2009
Besvart: 18.02.2009 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Gunnar Gundersen (H)

Spørsmål

Gunnar Gundersen (H): En gruppe elever i Ringsaker har i løpet av kort tid fått 30 000 medlemmer på Facebook til støtte for et krav om at skillet mellom skole og russetid må bli klarere. Deres ønske er at eksamen må avsluttes før 17. mai.
Vil statsråden ta initiativ til å se på om dette er en endring som kan være hensiktsmessig?

Begrunnelse

Elevene som står bak aksjonen er opptatt av læringsresultater og at elever ikke skal svekke sin mulighet til gode karakterer pga russetid og feiring. Russetiden kan i dag ha den konsekvens at det får negativ innvirkning på elevenes resultater. Dersom det er riktig er det synd og unødvendig.
Russetiden er en feiring av at 13 års skolegang er over. Mange mener at den ikke bør starte før man er ferdig med eksamen og har avsluttet opplæringsløpet. En gjennomgang av denne problematikken bør ta utgangspunkt i at antall timer ikke skal reduseres og en må forutsette at en får bred tilslutning til endringen slik at russetiden også faktisk flyttes til etter eksamen.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Tidspunktet for avvikling av eksamen etter vidaregåande opplæring har ei rekkje gonger vore gjenstand for diskusjon. I 2005 blei eit forslag frå departementet om flytting av eksamen til før 17. mai, sendt på høyring. Det kom inn berre ni høyringssvar, eit svært lågt tal for slike høyringar. Sentrale aktørar som Kommunanes sentralforbund, Utdanningsforbundet og Elevorganisasjonen, gjekk alle imot å flytte eksamen. Høyringa førte altså ikkje til forslag om endringar.

Opplæringslova fastset at skuleåret skal bestå av eit minstetimetal. Eit sentralt problem med omsyn til minstetimetal og eksamen, er at viss eksamen kjem tidlegare, blir det vanskeleg å få sikra ei gjennomføring av minstetimetal tidlegare i skuleåret. Utdanningsdirektoratet gjennomførte våren 2008 eit tilsyn med om skuleeigarane planlegg skuleåret slik at elevane i vidaregåande opplæring er sikra det talet timar i fag som dei har krav på. Resultatet av tilsynet viste at ingen fylkeskommunar har etablert system som sikrar dette.

Formålet med eksamen i dag er sluttvurdering og må derfor komme på slutten av opplæringa, saman med standpunktkarakterar i fag. Dersom elevane skal ha eksamen tidlegare, utan at undervisningsåret elles blir endra, må ein òg omdefinere formålet med eksamen.

Ei alternativ gjennomføring av undervisningsåret kan vere meir konsentrert undervisning, kutt i talet på feriedagar eller lengre skuledagar resten av året. Dette fører med seg organisatoriske utfordringar. Utdanningsdirektoratet er i ein prosess med fleire eksterne partar; fylkesutdanningssjefane, KS, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen, for å greie ut om ulike modellar for alternativ organisering av skuleåret. Partane er så langt positive til denne prosessen, der dei blir trekte med undervegs i vurderingane. Utdanningsdirektoratet er òg i dialog med fylkeskommunane med mål om å betre systema som skal sikre elevane sine rettar om minstetimetal. Spørsmål om avvikling av eksamen, mellom anna tidspunkt for eksamen, blir vurdert i denne samanhengen. Eg vil likevel peike på at eksamen for 2009 er fastsett, og det kjem ikkje til å bli endringar i eksamen for dette skuleåret.

Ønsket om å flytte eksamen til før 17. mai heng primært saman med ønsket om at russen skal få feire etter at dei er ferdige med opplæringa, kombinert med at 17. mai skal vere ein sentral dag for feiringa. Det er usikkert om ei endring i eksamenstidspunkt vil føre til at russefeiringa startar seinare. Eg vil understreke at det i første rekkje skal vere faglege vurderingar som skal liggje til grunn for korleis eksamensordninga skal vere. Russen må sjølv, gjennom sine organisasjonar, ta ansvaret for ei haldningsendring for at feiringa ikkje skal komme i vegen for gode eksamensresultat. Mitt inntrykk er at russen dei seinare åra har sett i verk fleire tiltak for å redusere uheldige utslag av russefeiringa. Eg vil peike på at russefeiringa må gå føre seg på ein måte som ikkje forstyrrar den vanlege undervisninga på skulen.

Tidspunktet for eksamen må bli fastsett på eit best mogleg fagleg grunnlag og dei sentrale aktørane må blir høyrde. Eg meiner det er viktig å få alle problemstillingane i ei samla vurdering, og ikkje berre sjå isolert på eksamen og 17. mai. Problemstillinga rundt 17. mai og russefeiringa heng tett saman med kva vurderingar Utdanningsdirektoratet vil gjere om alternativ organisering av skuleåret. Ei eventuell endring av tidspunktet for eksamensavviklinga blir sett i samanheng med det arbeidet som Utdanningsdirektoratet no har sett i gang, der alle dei sentrale aktørane blir høyrde.