Skriftlig spørsmål fra Dagrun Eriksen (KrF) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:692 (2008-2009)
Innlevert: 11.02.2009
Sendt: 12.02.2009
Besvart: 18.02.2009 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Dagrun Eriksen (KrF)

Spørsmål

Dagrun Eriksen (KrF): Vil statsråden endre tidspunkt for avgangseksamen i videregående slik at elevene både kan få avlagt en god eksamen og feire slutten på 13 års skolegang?

Begrunnelse

Det er uheldig for mange elever at eksamen ligger rett etter en lang russefeiring. Det er en vanskelig kombinasjon å være sosial og delta på intens russefeiring samtidig som en skal forberede seg til viktige avsluttende eksamener. Derfor bør russetiden heller komme etter de skriftlige eksamenene er unnagjort.
70 % av russen mener at deres faglige prestasjoner vil svekkes som en direkte konsekvens av russetiden og 80 % ønsker å avvikle eksamen før russetiden begynner. Det viser tall fra en landsdekkende undersøkelse TNS Gallup gjorde for Forbundet Mot Rusgift (FMR) i 2008. Facebook-gruppa "Ja til eksamen før russetida!" har over 30.000 medlemmer.
Et alternativ til dagens ordning er å legge de skriftlige eksamenene til dagene før 17.mai. Samtidig kan skoleåret avsluttes med muntlig eksamen i begynnelsen av juni. Disse har uansett kort forberedelsestid, og slik får en også en felles avslutning på russetiden og hindrer at den varer utover hele sommeren. På den måten vil russefeiringen starte på nasjonaldagen og vare ut måneden.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Tidspunktet for avvikling av eksamen etter vidaregåande opplæring har ei rekkje gonger vore gjenstand for diskusjon. I 2005 blei eit forslag frå departementet om flytting av eksamen til før 17. mai, sendt på høyring. Det kom inn berre ni høyringssvar, eit svært lågt tal for slike høyringar. Sentrale aktørar som Kommunanes sentralforbund, Utdanningsforbundet og Elevorganisasjonen, gjekk alle imot å flytte eksamen. Høyringa førte altså ikkje til forslag om endringar.

Opplæringslova fastset at skuleåret skal bestå av eit minstetimetal. Eit sentralt problem med omsyn til minstetimetal og eksamen, er at viss eksamen kjem tidlegare, blir det vanskeleg å få sikra ei gjennomføring av minstetimetal tidlegare i skuleåret. Utdanningsdirektoratet gjennomførte våren 2008 eit tilsyn med om skuleeigarane planlegg skuleåret slik at elevane i vidaregåande opplæring er sikra det talet timar i fag som dei har krav på. Resultatet av tilsynet viste at ingen fylkeskommunar har etablert system som sikrar dette.

Formålet med eksamen i dag er sluttvurdering og må derfor komme på slutten av opplæringa, saman med standpunktkarakterar i fag. Dersom elevane skal ha eksamen tidlegare, utan at undervisningsåret elles blir endra, må ein òg omdefinere formålet med eksamen.

Ei alternativ gjennomføring av undervisningsåret kan vere meir konsentrert undervisning, kutt i talet på feriedagar eller lengre skuledagar resten av året. Dette fører med seg organisatoriske utfordringar. Utdanningsdirektoratet er i ein prosess med fleire eksterne partar; fylkesutdanningssjefane, KS, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen, for å greie ut om ulike modellar for alternativ organisering av skuleåret. Partane er så langt positive til denne prosessen, der dei blir trekte med undervegs i vurderingane. Utdanningsdirektoratet er òg i dialog med fylkeskommunane med mål om å betre systema som skal sikre elevane sine rettar om minstetimetal. Spørsmål om avvikling av eksamen, mellom anna tidspunkt for eksamen, blir vurdert i denne samanhengen. Eg vil likevel peike på at eksamen for 2009 er fastsett, og det kjem ikkje til å bli endringar i eksamen for dette skuleåret.

Ønsket om å flytte eksamen til før 17. mai heng primært saman med ønsket om at russen skal få feire etter at dei er ferdige med opplæringa, kombinert med at 17. mai skal vere ein sentral dag for feiringa. Det er usikkert om ei endring i eksamenstidspunkt vil føre til at russefeiringa startar seinare. Det er òg prinsipielt problematisk at feiring og fest skal verke bestemmande på undervisningsåret og eksamen. Eg vil framheve at russefeiringa primært er ei privat markering for myndige personar over 18 år. Det er derfor vanskeleg å tenkje seg at departementet kan vedta reguleringar av feiringa, utover det som allereie ligg i dei lokale skulereglementa. Russen må sjølv, gjennom sine organisasjonar, ta ansvaret for ei haldningsendring for at feiringa ikkje skal komme i vegen for gode eksamensresultat. Eg vil peike på at russefeiringa må gå føre seg på ein måte som ikkje forstyrrar den vanlege undervisninga på skulen. Alkoholbruk og rus på skulen kan regulerast i ordensreglementet til skulane, som blir fastsett ut frå §§ 3-7 og 3-8 i opplæringslova.

Tidspunktet for eksamen må bli fastsett på eit best mogleg fagleg grunnlag og dei sentrale aktørane må blir høyrde. Eg meiner det er viktig å få alle problemstillingane i ei samla vurdering, og ikkje berre sjå isolert på eksamen og 17. mai. Problemstillinga rundt 17. mai og russefeiringa heng tett saman med kva vurderingar Utdanningsdirektoratet vil gjere om alternativ organisering av skuleåret. Ei eventuell endring av tidspunktet for eksamensavviklinga blir sett i samanheng med det arbeidet som Utdanningsdirektoratet no har sett i gang, der alle dei sentrale aktørane blir høyrde.