Skriftlig spørsmål fra Gunvald Ludvigsen (V) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:855 (2008-2009)
Innlevert: 12.03.2009
Sendt: 12.03.2009
Besvart: 19.03.2009 av helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen

Gunvald Ludvigsen (V)

Spørsmål

Gunvald Ludvigsen (V): Vil statsråden akseptere at den nybygde rusposten på Nordfjordeid i Helse Førde blir ståande tom etter at den er ferdigstilt i september 2009?

Begrunnelse

Helse- og omsorgsministeren har gledeleg nok flagga høgt at rusfeltet skal prioriterast høgare. I styringsdokumenta til dei regionale helseføretaka vert det peika på at rusområdet skal prioriterast høgt. Styreleiaren i Helse Vest, Oddvar Nilsen, har så seint som i ein kronikk i Fjordabladet i dag (12. mars.2009), streka under at rus, rehabilitering og psykisk helsevern skal styrkast vesentleg innan Helse Vest. Han seier vidare i kronikken at "Satsinga på rusfeltet er basert på ein regional plan for rusomsorga på Vestlandet. Eit vesentleg punkt er at rusfeltet skal integrerast i dei eksisterande sjukehustenestene".
Helse Førde har til no ikkje hatt tilfredsstillande tilbod til pasientar innan rusfeltet i eige føretaksområde. Etter det eg får opplyst, nytta difor Helse Førde 23 millionar kroner til kjøp av plassar utanfor eige helseføretak til denne pasientgruppa i 2008. På Nordfjordeid, i Helse Førde, er det under bygging ein ny ruspost med ti plassar for unge vaksne.
Nybygget er knytt til Nordfjord Psykiatrisenter og det somatiske sjukehuset, Nordfjord sjukehus, ligg berre eit steinkast frå den nye rusinstitusjonen. Det nye tilbodet er såleis vel-integrert i dei eksisterande spesialisthelsetenestene på Nordfjordeid. Konseptet har fått mange godord, mellom anna frå statssekretær Rigmor Åserud.
Den nye rusposten vil stå ferdig i september 2009 og driftsstart har vore planlagt til umiddelbart etter ferdigstilling av byggeprosjektet.
Årlege driftskostnader er rekna til omlag 15 millionar kroner. Den administrative leiinga i Helse Førde melder no at det ikkje vil bli driftsstart i 2009. Dette inneber at den nybygde rusposten på Nordfjordeid vil bli ståande tom og at eit sårt tiltrengt tilbod til rusmisbrukarar i Sogn og Fjordane ikkje vert oppretta før tidlegast langt inn i 2010.

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Representanten Ludvigsen spør om jeg vil akseptere at den nybygde rusposten på Nordfjordeid i Helse Førde blir stående tom etter at den er ferdigstilt i september 2009.
Helse Vest har informert meg om at styret i Helse Førde i sin behandling av budsjett for 2009 ikke forutsatte oppstart av pasientbehandling ved rusposten på Nordfjordeid i 2009. Dette henger bl.a. sammen med at hovedentreprisen tidligst er ferdig i september, mens uteområdene og deler av innvendig ferdigstillelse gjenstår til 2010. Jeg har fått opplyst at den nye rusposten skal settes i drift i 2010.
Helse Førde hadde i 2008 store kostnader til gjestepasienter på rusområdet. Denne situasjonen er det tatt tak i. Helse Vest har sammen med Helse Førde også iverksatt et prosjekt ved psykiatrisk klinikk, avdeling Tronvik, som vil gjøre det mulig å gi denne pasientgruppen et adekvat behandlingstilbud i eget foretak. Helse Førde HF har i dag ingen døgnplasser i eget opptaksområde. Gjennom utvikling av tilbud på Tronvik og etablering av ny ruspost på Nordfjordeid tas det et stort løft innen rusomsorgen i Helse Førde i 2009 og 2010.
Styret i Helse Førde skal i neste styremøte behandle en samlet rusplan for foretaket.
Etter min vurdering har Helse Vest og Helse Førde HF her tatt et konstruktivt grep for å bedre rustilbudet i det aktuelle opptaksområdet. Jeg kan ellers forsikre representanten Kvassheim om at jeg følger nøye med på utviklingen i behandlingstilbudet på rusfeltet i alle de fire helseregionene.
Jeg håper representanten Ludvigsen her har fått tilfredsstillende svar på sitt spørsmål.