Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:896 (2008-2009)
Innlevert: 18.03.2009
Sendt: 18.03.2009
Besvart: 30.03.2009 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Regjeringa satsar no store midlar på utbygging av jernbane i sentrale strøk. Denne utbygginga er i si heilheit finansiert av staten. I Sogn og Fjordane må derimot deler av vegutbygginga finansierast med bompengar.
Ser ikkje statsråden urettferdigheita i at vegnettet ikkje vert fullfinansiert av staten i fylke som Sogn og Fjordane og andre, som ikkje har jernbane?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Bompengeinnkrevjing har alltid sitt utspring i eit lokalt initiativ og vedtak om slik finansiering. I einskilde fylke er viljen til bompengar større enn i andre fylke.

Regjeringa har lagt fram ein Nasjonal transportplan som inneber ei stor satsing på både veg og bane, og som vil kome heile landet til gode. Regjeringas framlegg til Nasjonal transportplan legg opp til å bruke 100 mrd. kr meir på samferdsel enn det som låg i den førre planen. Regjeringa legg opp til ein differensiert politikk med auka fokus på jernbane og kollektivtrafikk i sentrale strøk, og ei stor satsing på vegutbygging elles i landet.

Regjeringa er oppteken av at flest mogleg skal nytte tog der dette er eit tilbod, og me ynskjer ikkje å gå inn på ei ordning med køyreavgift, eller anna brukarfinansiering, for jernbanen. Når det gjeld veg vert dei statlege løyvingane auka betrakteleg. Regjeringa legg framleis opp til bruk av bompengar der det er fatta lokale vedtak om det.

Regjeringa meiner ein fyrst og fremst bør krevje inn bompengar på vegar med høg trafikk, og at dei lågt trafikkerte vegane i størst mogleg grad vert finansierte i heilskap av staten. Av den grunn vert m.a. E39 Kvivsvegen bygd ut med statleg fullfinansiering. Dette vil samla gje eit vegnett som både møter dei lokale behova, og som sikrar viktige transportkorridorar mellom byane våre.

Ein vil av framlegget til Nasjonal transportplan sjå at ein i liten grad legg opp til bruk av bompengar på stamvegane i fylke med store avstandar og lågt innbyggartal, som til dømes Sogn og Fjordane, Troms og Finnmark. Det vert i spørsmålet særleg peika på Sogn og Fjordane. Regjeringa legg i Nasjonal transportplan 2010-2019 ikkje opp til nye bompengefinansierte prosjekt på stamvegnettet i Sogn og Fjordane.