Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:911 (2008-2009)
Innlevert: 19.03.2009
Sendt: 20.03.2009
Besvart: 27.03.2009 av nærings- og handelsminister Sylvia Brustad

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Nyleg melde media at utbygging av eit vannkraftverk i India hadde krevd sitt 13. dødsoffer. Det norske, statlege selskapet, SN Power er, inne på eigarsida i dette vannkraftanlegget.
Kva har statsråden gjort så langt, og kva vil ho gjera vidare for at eit uomtvisteleg krav skal vera at sikkerhet for arbeidarane skal ha første prioritet slik at m.a. tempo i arbeid og framdrift ved dette anlegget vert tilpassa eit forsvarleg arbeidsmiljø?

Begrunnelse

Det er brei politisk semje om at statlege selskap skal ha høg standard når det gjeld etikk, sikkerheit og samfunnsansvar. Dette må også gjelda når norske, statlege selskap er engasjert ute i andre land. Her har Norge eit stort ansvar for å bidra til at det som er høge, norske standardarar vert eit mål og eit ideal i land som i utgangspunktet har eit heilt anna forhold til dette. Sikkerhet og omtanke for arbeidarane er menneskeverd i praksis.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Med det Norfund har en eigardel på 40 prosent i SN Power, er svaret mitt utarbeidd i samråd med miljø- og utviklingsministeren.

Dødsfalla som har skjedd i samband med vannkraftprosjektet Allain Duhangan er djupt tragiske. Etter at spørsmålet kom inn til departementet har det kome til to nye dødsfall i samband med prosjektet. Dei to siste dødsfalla skjedde då ein betongbil køyrde av vegen etter feil ved starting av bilen.

Regjeringa har uttrykt klårt, mellom anna i Eigarskapsmeldinga, St.meld. nr. 13 (2006-2007), at vi ventar at selskap som staten har eigarinteresser i opererer med høge etiske standardar og er seg bevisst sitt ansvar og sin påverknad. Dette ligg òg til grunn for statseigde selskap som opererer internasjonalt. Regjeringa har særskilt uttrykt ei von om at arbeidet med helse, miljø og tryggleik (HMS) òg femner om den internasjonale verksemda i selskapa.

Statkraft og Norfund, som eig SN Power, er selskap som skal drive forretning, og det er styret i selskapa som har ansvaret for å sjå til at òg HMS-arbeidet blir gjort på forsvarleg vis. Dette gjeld òg oppfølginga av eigarengasjement selskapa har i dotterselskap.

Som det går fram av miljø- og utviklingsministeren sitt skriftlege svar 19. januar 2009 på spørsmål frå representanten Torbjørn Hansen, har regjeringa som eigar vore i dialog med Statkraft og Norfund, som er dei to eigarane i SN Power, og fått informasjon om Allain Duhangan-prosjektet og om dei tiltak som er sett i verk for å betre HMS-tilhøva ved prosjektet. Mitt departement hadde sist eit møte med leiinga i Statkraft 25. mars 2009 der Statkraft gjorde greie for korleis selskapet og SN Power no vurderer sitt engasjement i prosjektet i India etter dei siste dødsfalla som har skjedd.

Eg er blitt forsikra om at Statkraft, Norfund og SN Power tek HMS-tilhøva i samband med prosjektet til SN Power i India svært alvorleg.

Allain Duhangan- prosjektet er eigd av det indiske selskapet Bhilwara Group med 45 prosent, SN Power med 43 prosent og IFC (ein del av Verdensbank-gruppa) med 12 prosent. SN Power har teke ei rekkje initiativ andsynes sine medeigarar og prosjektet for å betre tryggleiken. SN Power gjennomførte saman med Statkraft i juni 2008 ein full revisjon av HMS-tilhøva. Basert på resultata frå denne revisjonen er det i prosjektet satt i verk ei rekkje tiltak; så som opplæring om HMS for alle tilsette, beredskapsøvingar, opplæring av sjåførar og oppfølging av korleis personleg verneutstyr vert brukt. Det er utført fysisk sikring av farlege vegstrekningar og etablert regelmessige kontrollar. SN Power har elles teke initiativ til at det er tilsett ein norsk HMS-leiar for Allain Duhangan-prosjektet og til at det er engasjert sju internasjonale ekspertar på konstruksjons- og anleggsarbeid i prosjektet. SN Power har likevel ikkje fått gjennomslag for alle foreslåtte tiltak.

Etter dei siste hendingane har styrerepresentantane frå SN Power på nytt reist krav om gjennomgripande endringar i prosjektorganisasjonen. I eit møte onsdag og torsdag denne veka har styret for prosjektet vedteke å vurdere slike endringar og raskt kome tilbake med ei melding om dette. Det er samstundes mellom anna vedteke å danna ei innsatsgruppe leia av SN Power for å gå igjennom etterlevinga av reglar og retningsliner på alle område. Dei vil spesielt ta for seg trafikktilhøva og sette i verk sterkare kontroll av bilar og sjåførar. På områder som er kritiske vil arbeidet bli stansa om etterlevinga av gjeldande reglar ikkje er god. Nye fysiske sikringstiltak vil bli sett i verk. SN Power vil òg få styrkt si deltaking i styringsgruppa med ein person.

Mi vurdering så langt er at SN Power gjennom sin mindretallsposisjon har medverka til at det er lagt større vekt på HMS-tilhøva i prosjektet. På bakgrunn av dei siste dødsulykkene ventar eg òg at dei nye initiativa SN Power har teke, gir konkrete resultat.

Regjeringa er positiv til at statseigde selskap investerer i utviklingsland, og at dei gjennom dette kan medverke til overføring av kunnskap og kompetanse og betring av standardar når det gjeld HMS. Eg vil vise til at utbyggingsprosjekt av denne typen i land med andre røynsle, tradisjonar og kulturar enn i Noreg kan vere krevjande, spesielt i høve til HMS-tilhøva. SN Power har likevel generelt god røynsle med å delta i slike prosjekt i utviklingsland.

Dei mange ulykkene som er registrert i samband med Allain Duhangan-prosjektet, kan naturleg reise spørsmål om selskapet sitt fortsatte engasjement. Dei juridiske, finansielle og samfunnsmessige konsekvensane av dette er det selskapet med sitt styre som må vurdere. Vurderinga til SN Power så langt har vore at gjennom å vere aktivt til stades medverkar selskapet til at omsyn til helse og tryggleik blir betre teke hand om i prosjektet enn om selskapet ikkje er med, trass i det mindre høve til påverknad som ligg i det å vere minoritetsaksjonær i prosjektet.

På bakgrunn av dei siste dødsfalla som har skjedd, trass i at det etter initiativ frå SN Power er sett i verk ei rekkje tiltak for å betre HMS-situasjonen, vonar eg at SN Power vurderer om resten av utbygginga kan skje innafor akseptable rammer. Eg vil følgje opp utviklinga rundt prosjektet og dei tiltaka SN Power har meint er turvande gjennom ein fortsatt nær dialog med Statkraft.