Åge Starheim (FrP): Stortinget har tidlegare vedteke ei verneplan for å bevare ein del av vegnettet for framtida. No er vegen mellom Hardbakke og Krakhella foreslått verna. Dette er einaste vegen mellom fastlandet og kommunesenteret. Verninga vil medføre at vegen ikkje kan rustast opp til fullverdig standard og bruk for næringslivet og folk i Solund kommune.
Meinar ikkje statsråden at staten burde kompensere resultatet av verninga av denne vegen med bygging av ein parallell ny funksjonell veg mellom Hardbakke og Krakhella?
Begrunnelse
Regjeringa har tidlegare innført prinsippet om økonomisk kompensasjon i samband med verning. Ref. verninga av Trillemarka og andre forslåtte vernevedtak.
Då vil det vere naturleg, og sjølvsagt at det også vert gjeve økonomisk kompensasjon i samband med verninga av vegen mellom Hardbakke og Krakhella i form av statleg finansiering av bygging av ny veg på denne vegstrekninga.