Gjermund Hagesæter (FrP): Staten, v/Fiskeri og Kystdepartementet, har reist sak mot Oster Pukk og Sand AS om et krav på 1,9 mill. kr. Det refererer seg til utbedring av den offentlige farleden gjennom Tjuvasundet i Lindås kommune. Oster Pukk og Sand AS har ca. 60 tilsette og genererer årleg ca. kr. 1,5 mill. berre i seglingsavgifter til det offentlege. Staten sitt søksmål kan i verste fall setje bedrifta si framtid i fare.
Meiner statsråden at dette er god næringspolitikk eller vil Statsråden ta initiativ til å finne ei minneleg løysing i denne saka?
Begrunnelse
Oster Pukk og Sand AS er ei viktig eksportbedrift i denne næringsfattige regionen med ca. 60 tilsette. Dei årlege seglingsavgiftene bedrifta i ei årrekkje har generert, og framleis genererer til det offentlige, er ca. kr. 1.5 mill. kr. Når det offentlege tar inn millionbeløp kvart år på skip som hentar last frå bedrifta burde det også vere rimeleg at det offentlege betaler sin del av nødvendige kostnader for å halde denne skipstrafikken i gang. Underteikna håper derfor at Statsråden tar eit initiativ for å finne ei snarleg løysing i denne saka slik at ikkje bedrifta si framtid blir sett i fare.