Åge Starheim (FrP): På kysten i Sogn og Fjordane er det mange små øysamfunn. I desse kyst- og øysamfunna har fylkesmannen ei så restriktiv haldning til bygging i 100-metersbelte at det stoppar utbygging og vekst, noko som er godt dokumentert gjennom HAFS-Regionrådet.
Vil statsråden syte for at fylkesmannen i Sogn og Fjordane handsamar regelverket i plan- og bygningslova på ein slik måte at det ikkje hemmar utvikling og vekst i kystkommunane i fylket, noko som umogleg kan vere Regjeringa sin intensjon?
Begrunnelse
Sentrale Senterpartirepresentantar på Stortinget har ved fleire høve hevda at den nye plan- og bygningslova skulle gjere det enklare å få dispensasjon for bygging i 100-metersbelte i fylke som Sogn og Fjordane.
I det siste har det vist seg at dette ikkje stemmer.
I kystkommunane i Sogn og Fjordane er både lokalpolitikarane og folk flest frustrerte over den overstyring som fylkesmannen utøvar, med påstand om at ein har lova i hand.
Folk har i siste tida gjeve uttrykk for at dei er i ferd med å gje opp, og seier at dei vurderar å flytte frå desse kommunane og kanskje også ut av fylket.
Frå både Gulen, Solund, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje er frustrasjonen stor, og folk spør seg om staten nyttar miljørestriksjonar i ein aktiv sentraliseringspolitikk.
Alle dei restriksjonar vi no ser innan miljøvern medførar ei negativ utvikling i kystsamfunna i Sogn og Fjordane.