Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:1456 (2008-2009)
Innlevert: 17.08.2009
Sendt: 17.08.2009
Besvart: 26.08.2009 av olje- og energiminister Terje Riis-Johansen

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Ein samla energi- og miljøkomité har peika på at det er gode grunnar til at både logistikkdelen og teknisk del av driftsorganisasjonen til Gjøafeltet bør ligge i Florø. Komiteen ba vidare operatøren på sikt vurdere om større delar av driftsorganisasjonen for Gjøafeltet kan leggast til Florø, og imøtesåg kravet frå selskapet om at driftstøttepartnaren sin landorganisasjon ville bli samlokalisert med GdF si logistikkavdeling i Florø.
Kva forventningar har statsråden til at Gaz de France etterkjem Stortinget sine føringar i saka?

Begrunnelse

Det er uttalt politikk at utnytting av petroleumsressursane skal skape ringverknader i land og at basestrukturen langs kysten skal nyttast aktivt i aktivitetane på sokkelen. Dette framgår både av petroleumslova og av sentrale styringsdokument for regjeringa. Då Stortinget handsama plan for utbygging og drift av Gjøa-feltet utanfor Sogn og Fjordane vart det frå regionale styresmakter arbeidd aktivt for å sikre aktivitet i fylket som fylgje av utbygginga både i utbyggings- og i driftsfasen. Stortinget stadfesta i handsaminga av saka dei føringar som driftsoperatør sjølv hadde lagt opp til når det gjaldt lokale ringverknader. I tillegg peika komiteen på at det var gode grunnar til at både logistikkavdeling og teknisk del av driftsorganisasjonen burde ligge i Florø og ba operatøren legge til rette for dette så langt dette var mulig. Komiteen ba vidare operatøren vurdere å flytte endå større delar av driftsorganisasjonen til kystbyen. Statsråd Enoksen uttalte vidare til Stortinget at "...en del av driftsorganisasjonen - driftstøtte - settes ut til en underleverandør.
En betingelse for underleverandøren er at landorganisasjonen samlokaliseres med Gaz de France sine aktiviteter i Florø." Det er grunn til å tolke dette som at driftsstøttefunksjonane til Gjøafeltet skulle lokaliserast i Florø.
Utviklinga i etterkant av Stortinget sitt vedtak har vist at Gaz de France legg opp til å plassere ein beskjeden del av driftsorganisasjonen i Florø og at hovuddelen både av dei tilsette i driftsorganisasjonen til GdF Suez og driftstøttepartner IKM vert plassert i Stavanger. Dette harmoniserer ikkje med dei føringar som energi- og miljøkomiteen på Stortinget har lagt og er heller ikkje i tråd med dei føringar som statsråd Enoksen den gong la til grunn.

Terje Riis-Johansen (Sp)

Svar

Terje Riis-Johansen: Departementet godkjende plan for utbygging og drift av Gjøa, Vega og Vega sør ved brev til operatør den 4. juli 2007, jf. St.prp.nr.64 (2006-2007) om utbygging av Gjøa, Vega og Vega sør og Innst.S.nr.278 (2006-2007).
Gjøafeltet er venta å kome i produksjon hausten 2010. StatoilHydro ASA er operatør i utbyggingsfasen, mens GDF SUEZ E&P Norge AS er operatør i driftsfasen.
Eg legg stor vekt på at petroleumsverksemda skal skape regionale og lokale ringverknader, mellom anna at Gjøa-utbygginga skal bidra til etablering av arbeidsplassar i Florø. Dette var bakgrunnen for at departementet ved si handsaming av utbyggingssaka la til grunn at logistikkorganisasjonen til GDF SUEZ ville bli lagt til Florø, med ein forsyningsbase og helikopterbase som skal fungere som basar for forsyningar, driftsinnkjøp, transport av personell og lager/verkstad i både utbyggings- og driftsfasen. I tillegg skal mesteparten av utstyret til utbygginga og forsyningar til Gjøa-plattformen bli skipa ut frå Florø. Transport av personell til feltet vil også i all hovudsak skje frå Florø. GDF SUEZ vil også legge til rette for at lokalt næringsliv skal kunne vera med å konkurrere om tjenesteleveransane i driftsfasen.
Det er mitt inntrykk at operatøren har tatt til følgje det som vart lagt til grunn angåande lokalisering av logistikkorganisasjonen i St.prp.nr.64 (2006-2007) om utbygging av Gjøa, Vega og Vega sør. Utover dette har operatørens driftsstøttepartnar IKM lokalisert delar av vedlikeholdsplanleggingsorganisasjonen sin i Florø. Ut frå dei undersøkingar eg har gjort, er det mitt inntrykk at operatør både har oppfylt krava i proposisjonen og lagt vekt på komitèens merknader.
Etter godkjenninga av Gjøa-utbygginga i 2007, har leiinga i departementet lagt stor vekt på å oppfylle energi- og miljøkomitéens ynskje om at Gjøa-utbygginga skulle bidra til ringverknader i Sogn og Fjordane. Dette blei også kommunisert til utbyggar. Eg har i mi tid i departementet aktivt arbeidd med å legge til rette for ein god dialog mellom operatøren for Gjøa-utbygginga og vertsfylket Sogn og Fjordane. Den dialogen har gitt ei løysing som sikra at ringverknadane har vorte betydelig større enn det som framgjekk av proposisjonen. Mine forventingar til operatøren er at komitéens merknader også i fortsettinga vert følgd opp.