Oskar J. Grimstad (FrP): Vil statsråden gå inn i problemstillinga knytt til denne saka der Direktoratet for naturforvaltning har flytta grensa for naturreservatet ned til noverande vassnivå for inntaksdammen med påfølgande avslag for grensejustering og sørge for ei løysing som er god for både miljø og landsdel?
Begrunnelse
I prop. 1 S 2010 står det at Regjeringa satsar på vern om miljøet som er et vilkår for berekraftig utvikling og at vårt land har eit særskilt ansvar for å finne gode løysingar på miljø og klimaproblem.
Dette samsvarer dårleg med utfordingane ein har i Midt-Noreg der ein har etablert mobile gasskraftverk som reserveløysingar på straummangelen i regionen.
Samstundes har fleire mindre kraftprosjekt gjennom fornyelse og utviding av eksisterande anlegg blitt vurdert som viktige tiltak for å redusere energimangelen i regionen.
Eit av desse er Rauma Energi sitt anlegg, Verma kraftverk som i dag har en årleg produksjon på 70GWh.
Flytting av inntak til Storhaugen og oppgradering av anlegget vil gi en årleg produksjon på IBOGWh, altså meir enn ein fordobling av produksjonen av rein energi.
Dagens inntaksdam ligg inntil eit verna barskogsområde så en flytting vil gi en miljømessig gevinst som at vatnet vil renne fritt i fossen, gi ei meir stabil vassføring og det vil til alt overmål renne vatn i fossen til tider på året den no er tørrlagt.
I sum vil denne løysinga vere miljømessig svært god med dobling av produksjonen og redusert behov for innfasing av det mobile gasskraftverket ingen ønskjer oppstarta grunna store utslepp av CO2 og lav nyttegrad.