Skriftlig spørsmål fra Laila Reiertsen (FrP) til arbeidsministeren

Dokument nr. 15:99 (2009-2010)
Innlevert: 23.10.2009
Sendt: 26.10.2009
Besvart: 02.11.2009 av arbeidsminister Rigmor Aasrud

Laila  Reiertsen (FrP)

Spørsmål

Laila Reiertsen (FrP): Med bakgrunn i ein urovekkjande rapport som riksrevisjonen har komen med om at ugiftene til NAV er utan styring og kontroll, kan ein be om svar på korleis arbeidsministeren har tenkt å løysa denne situasjonen?

Begrunnelse

Det har vore mykje negativ fokus på NAV. Der brukarar ikkje har fått hjelp. Manglande utbetalingar og alt for lang ventetid har vore gjengangarar i dette høvet. i tillegg har Riksrevisjonen nyleg påpeika svært alvorlege manglar i NAV i høvet til styring og kontroll av utgifter noko som føyer seg vidare inn i rekkene til at tryggleiken for brukarane til NAV tenestene opplevast nærast som fråverande. Dette er alvorleg.

Rigmor Aasrud (A)

Svar

Rigmor Aasrud: Riksrevisjonen har i dokumentet Riksrevisjonens rapport om revisjonen av Arbeids- og velferdsetaten for budsjettåret 2008 – Tillegg 2 til Dokument 1 (2009-2010) gitt ei utvida rapportering om resultata av revisjonen for 2008 og der det også blir peika på samanhenger med revisjonsresultata frå rekneskapen for åra 2006 og 2007.
Riksrevisjonen kan ikkje bekrefte at Arbeids- og velferdsetatens rekneskap ikkje inneheld vesentlege feil og manglar. Dette er grunngjeve med at etatens rutinar for internkontroll i sakhandsaminga av ytingar ikkje blir etterlevd på ein måte som skaper tilstrekkeleg tryggleik om kvaliteten i rekneskapen.
Eg ser svært alvorleg på dei tilhøva som Riksrevisjonen har avdekka i rekneskapen for 2008. Eg vil likevel gjere merksam på at departementet har orientert om dette forholdet tidlegare. At rutinar for internkontroll ikkje blir etterlevd som dei skal i Arbeids- og velferdsetaten og at det som følgje av dette er påvist feilutbetalingar, blei omtalt i St.prp. nr. 51 (2008-2009) Redegjørelse om situasjonen i arbeids- og velferdsforvaltningen og forslag om tilførsel av ressurser til Arbeids- og velferdsetaten. Der visast det vidare til tiltak Arbeids- og velferdsetaten var eller skulle i gang med for å betre sakshandsaminga av ytingar. Eg viser òg til svaret tidlegare statsråd Dag Terje Andersen ga til Riksrevisjonen og som er tatt inn i Riksrevisjonen sitt dokument til Stortinget. Der heiter det mellom anna:

”Det pågår et arbeid for å etablere et helhetlig rammeverk for intern kontroll (…) Det gjenstår imidlertid et omfattende arbeid med implementering av rammeverket i 2009 og videre framover, og det vil derfor ta tid før etatens etterlevelse er fullt ut tilfredsstillende på området. Det arbeides videre med en handlingsplan med tiltak som vil sikre fortsatt effektiv og rask saksproduksjon på prioriterte områder, men innenfor de krav som stilles i etatens interne retningslinjer og standarder for kvalitet. Et kortsiktig tiltak vil være å fastsette tydelige minimumskrav til intern kontroll for hovedaktivitetene i ytelsesforvaltningen. Departementet vil følge dette arbeidet nøye.”.

Eg viser òg til omtalen av dette i Prop. 1 S (2009-2010) Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Både Aetat og trygdeetaten har tidlegare mottatt vesentlege merknader frå Riksrevisjonen. Gjennom NAV-reforma er det valt ei organisering av sakshandsaminga av ytingar der mykje av handsaminga går føre seg i eigne forvaltningseiningar. Forvaltningseiningane blei etablert i første halvår 2008 og målet med å etablere dei var blant anna å gje ein betre kontroll med ytingane. Riksrevisjonen skriv at dei ”har forståelse for betydningen av å etablere forvaltningsenhetene”, men at dei er kritiske til at viktige føresetnader ikkje var til stades da dei blei etablert. Arbeids- og velferdsetaten har i 2009 arbeid systematisk for å auke produktiviteten og kvaliteten i sakshandsaminga i forvaltningseiningane. Dette er eit arbeide som vil halde fram i 2010.
Arbeids- og velferdsetaten har frå 2006 til 2009 vore gjennom ei omfattande omorganisering. Dette har vore krevjande. Det er satt i verk ei rekke tiltak for å betre internkontrollen. Departementet vil følgje dette arbeidet tett, men eg vil samstundes peke på at det vil ta noko tid før desse tiltaka får full effekt.