Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:109 (2009-2010)
Innlevert: 27.10.2009
Sendt: 27.10.2009
Besvart: 03.11.2009 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Ifølge NTB 27/10-09 har kommunalministeren på KS sin haustkonferanse i Sogn og Fjordane lova at ho ikkje vil gå inn for tvangssamanslåing av kommunar men innrømmer samstundes at samanslåing av kommunar i enkelte tilfeller kan løyse problem.
Kan statsråden sei noko om kva kommunar ho meiner vil ha mest å tene på samanslåing og om statsråden vil bruke økonomiske insitament for å få til samanslåing av kommunar der dette er hensiktsmessig?

Begrunnelse

Avsendaren ønskjer ikkje konkrete namn på kommunar som bør bli slått saman men meir kva størrelse og kor i landet dei kommunar ligg som etter statsråden si vurdering har mest å tene på samanslåing. Ønskjer også besvart kva type verkemidlar statsråden seg for seg for å få til frivillig samanslåing.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Representanten Hagesæter seier eg ikkje vil gå inn for tvangsamanslutning av kommunar. Det har han forstått heilt rett. Vi har eit lokalt sjølvstyre her i landet. Det betyr at eg tek på alvor at vi har folkevalde rundt omkring i dette varierte landet, i kvart einaste kommunestyre, som kjenner lokalsamfunna og behova til innbyggjarane i kommunen sin. Desse tillitsvalde er dei næraste til å vurdere korleis ein i kommunane, skal greie å gjere det enno betre når det gjeld barnehagar, skular, helsetenester, kultur, næringsutvikling, med meir.

Eg har ikkje tru på at vi skal sitje her i Oslo å teikne kommunegrensene på nytt. Eg meiner at ein lokalt har dei beste føresetnadane for å løyse problem for lokalsamfunna sine. Viss ein lokalt ønskjer å slutte seg saman, og ser det som den beste måten å møte framtida på, har eg ikkje noko imot det. Det er tvangen eg er imot. Derfor har vi også i Soria Moria 2, sagt at der ein lokalt tek ei avgjerd om å slutte seg saman, så vil staten dekkje kostnadene.

Andre økonomiske verkemiddel knytt til kommunesamanslutningar omfattar inndelingstilskotet. Inndelingstilskotet er ein del av innbygggjartilskotet til kommunane og vert gjeve til kommunar som sluttar seg saman. Tilskotet skal sikre at kommunar som sluttar seg saman, ikkje får reduserte statlege overføringar i rammetilskotet som følgje av kommunesamanslutninga. Inndelingstilskotet inneheld det basistilskotet som kommunane fekk før samanslutninga, i tillegg til eventuelle distriktspolitiske tilskot som kommunane mottok før samanslutninga. Tilskotet vert rekna ut frå det året kommunane gjennomfører samanslutninga, og vert seinare justert med pris- og lønsveksten. Kommunar som gjennomfører ei samanslutning, vil motta fullt inndelingstilskot i ti år. Tilskotet vil deretter verte trappa gradvis ned. I 2010 vil kommunane Re, Bodø, Aure og Kristiansund motta inndelingstilskot.

Eg vil nytte høvet til å opplyse representanten Hagesæter om at vi også har eit godt verkemiddel for frivillige kommunesamanslutningar i inndelingslova. Denne lova gjev, etter mi oppfatning, ei god ramme for korleis slike prosessar skal gjennomførast på ein ryddig måte. Ho seier både kven som kan ta initiativ til kommunesamanslutning, korleis slike initiativ skal handsamast, om utgreiing av konsekvensar av ei eventuell samanslutning, kva som må takast stilling til i samband med ei samanslutning, etc. Inndelingslova gjev praktiske retningslinjer for korleis ein – steg for steg, skal gå frå initiativ til fullført kommunesamanslutning.

Alt i alt: Eg kan ikkje sjå at rammevilkåra er til hinder for frivillige kommunesamanslutningar. Eit vellukka døme i så måte er Ramnes og Våle i Vestfold som vart til Re kommune. Men at tvangssamanslutning av kommunar er sjølve universalløysinga på velferds-Noreg sine utfordringar framover, det har eg ikkje tru på.