Gjermund Hagesæter (FrP): Når ein kommune omregulerer eit område frå næringsformål til friluftsformål vil dette medføre at næringseigedommar på dette området blir meir eller mindre verdilause. Mykje tyder på at økonomisk erstatning i slike saken ofte både tar lang tid og er mangelfull.
Kan statsråden gje ei orientering/vurdering av korleis ein bereknar erstatning i slike saker og kor lang sakshandsamingstid ein bør forvente her?
Begrunnelse
Bakgrunnen for spørsmålet er innspel som tyder på at slike ekspropriasjonslignande saker både tar tid og at erstatning i slike saker ikkje dekker det tapet som oppstår pga. omregulering. Ber derfor om at statsråden orienterer om korleis reglane på dette området er og kor lang sakshandsamingstid ein kan akseptere her.