Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:213 (2009-2010)
Innlevert: 18.11.2009
Sendt: 19.11.2009
Besvart: 25.11.2009 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Som statsråden er kjent med er det ei underdekning i kommuneøkonomien, som igjen medfører kutt i kommunale tenester. I distrikta og småkommunar er grendeskulane ein viktig faktor for busetnaden. Gjennom dei 4 åra vi har hatt med raud/grøn Regjering er det nedlagt over 100 skular rundt om i landet, og det ser ut for at det kan verte nedlagt mange fleire allereie neste år.
Meinar statsråden at dette skuldast dårleg/vanskeleg kommuneøkonomi eller dårleg lokalpolitisk styring?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Skulestruktur er eit lokalt ansvar. Det er kommunane og fylkeskommunane som må avgjere korleis skuletilbodet skal organiserast. Denne regjeringa har gjennom ei reell styrking av dei samla inntektene til kommunesektoren på 33,8 mrd kroner frå 2006 til 2009, lagt til rette for at kommunane skal kunne velje å oppretthalde ein desentralisert skulestruktur, dersom dei ønskjer det.
Det kan vere mange grunnar til at nokre kommunar ser det som naudsynt å vurdere skulestrukturen. Talet på elevar i grunnskulealder har under denne regjeringa vorte redusert med over 6000, noko som kan vere med å forklare kvifor det har vorte færre skular. Under den førre regjeringa vart talet på skular redusert med 136 samstundes med at talet på elever auka med over 13 000. Det er òg slik at ein del kommunar, grunna mellom anna tap på finansplasseringar og høgt aktivitetsnivå i dei seinare åra, er i ein vanskeleg økonomisk situasjon.
Vidare verkar òg endringar i busettingsmønsteret i kommunen og omsynet til det pedagogiske opplegget til barna inn på kommunane si avgjerd om å oppretthalde eller leggje ned ein skule. Det same gjer truleg òg kommunane sitt vedlikehald og rehabiliteringsarbeid. Ein del kommunar kan ha valt å byggje ein større, ny skule sentralt framfor å vedlikehalde gammal og desentralisert bygningsmasse.
Kommunane si vurdering når det gjeld skulestruktur er med andre ord samansett. Det held etter mitt syn ikkje berre å peike på ein faktor, om ein vil forklare kvifor det har vorte færre skular dei siste åra.