Skriftlig spørsmål fra Øyvind Halleraker (H) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:217 (2009-2010)
Innlevert: 19.11.2009
Sendt: 20.11.2009
Besvart: 25.11.2009 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Øyvind Halleraker (H)

Spørsmål

Øyvind Halleraker (H): Meland kommune har omregulert eit næringsareal, i strandsona på Frekhaug nord for Bergen, til friluftsområde. Staten, ved Direktoratet for Naturforvaltning (DN), si handsaming av saka kan føra til at planen ikkje blir realisert. Eg har tidlegare merka meg at statsministeren tydeleg og utvetydig har uttalt at ”folk skal få strandadgang og mer penger til formålet som gjør at kommunne følger opp med å sikre nye friluftsområder for allmennheten.”
Vil statsråden følgja dette opp i praktisk politikk og omgjøre DN sitt vedtak?

Begrunnelse

Meland kommune har den største prosentvise folkeveksten i Hordaland, og er mellom dei kommunane i landet med størst folkeauke. Presset er spesielt stort rundt kommunesenteret Frekhaug. Det er difor viktig å sikra areal i strandsona i dette området for komande generasjonar. Det aktuelle området ligg om lag 2,5 mil nord for Bergen sentrum og blir nytta svært mykje i sommarhalvåret, både av fastbuande og folk frå nabokommunane.
Eg har registrert at regjeringa er opptatt av å sikra areal i strandsona. Mellom anna har eg merka meg at staten har investert fleire titals millionar kroner for nokre meter strandsone på Huk i Oslo. Det blei då presisert frå regjeringa av dette kjøpet ikkje var eit eingangspåfunn for å få merksemd i media, men første steg i ein større plan for å gjera strandområde tilgjengeleg for folk.
Statsministeren skreiv i ein kronikk i Dagens Næringsliv 12.august i fjor mellom anna dette:
” Huk var begynnelsen. Nå kommer fortsettelsen. Vi ser allerede nå at tydelige signaler om at folk skal få strandadgang og mer penger til formålet gjør at kommune følger opp med å sikre nye friluftsområder for allmennheten.”
På bakgrunn av statlege føringar og politiske signal, hadde Meland kommune forventa at staten ville vera ein medspelar i arbeidet med å sikra det aktuelle arealet. Kommunen opplever no at så ikkje er tilfelle. Statsråd Solheim er i brev av 19.06 frå ordføraren i Meland beden om å følgja opp saka, men trass purring har kommunen ikkje fått noko svar.
Eg stiller meg svært undrande til at DN definerer det aktuelle arealet til å bli eit hovudsakleg lokalt brukt område, og stiller også spørsmålsteikn ved på kva grunnlag direktoratet har kome fram til denne konklusjonen. Fylkesmannen i Hordaland er svært tydeleg på at området er av regional verdi, då det i stor grad også blir nytta av innbyggjarar frå Bergen og andre nabokommunar. For at Meland kommune skal få dekka 100 prosent av kostnadane ved grunnkjøpet og fjerning av bygningsmassen i det aktuelle området, må området vera definert som regionalt viktig.
Utan 100 prosent tilskot vil det vera vanskeleg for Meland kommune å finna midlar til innløysing, og det vil vera eit tap for friluftsinteressene i regionen.
Redusert tilskot vil og kunna redusera viljen til å omregulera andre gamle næringsområde i strandsona til friluftsområde, der det er føremålsteneleg i andre kommunar. Denne saka har difor prinsipiell karakter med overføringsverdi til andre strandsaker i Bergensregionen.
Bergen og Omland Friluftsråd ser også på området som eit regionalt friluftsområde, og prioriterer det høgt i sin handlingsplan.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Direktoratet for naturforvaltning har gitt Meland kommune tilsagn om dekning av 50 % av kostnaden til sikring av et område ved Frekhaug som friluftsområde for allmennheten. I tillegg har direktoratet gitt tilsagn om å dekke 50 % av kostnadene til fjerning av bygningsmassen (restene etter nedbrent industribygg) for å klargjøre for videre tilrettelegging av området. Direktoratet har også dekket kommunens utgifter til juridisk bistand til gjennomføring av saken.
Direktoratet baserer sin avgjørelse på en vurdering av at området ut fra sin størrelse og beliggenhet nær Frekhaug i hovedsak vil utgjøre et tilbud til kommunens egne innbyggere. I slike saker er det praksis at staten dekker halvparten av utgiftene.
Jeg er kjent med at området har potensial til å kunne bli særskilt tilrettelagt for funksjonshemmede ved at det er asfaltert vegatkomst til området og at det også kan være muligheter for å benytte deler av et allerede planert areal i tilretteleggingen.
Jeg har ikke grunnlag for å overprøve direktoratets vurdering i spørsmålet om området hovedsaklig vil være av lokal verdi og at kommunen derfor bør står som eier av området. Jeg vil likevel be direktoratet om å øke tilskuddet til 75 % med utgangpunkt i de mulighetene området gir for tilrettelegging for funksjonshemmede.