Gjermund Hagesæter (FrP): Tilbakemeldingar tyder på at bebuarar på kommunale sjukeheimar og aldersheimar som har eigen PC og som ønskjer å tilknytte denne til internett ikkje alltid får forståelse for dette. Førebels gjeld dette svært få bebuarar men utviklinga dei neste åra vil truleg bety at fleire ønskjer å vere tilknytte internett.
Vil kommunalministeren ta initiativ slik at alle bebuarar på kommunale sjukeheimar, aldersheimar og omsorgsbustader som ønskjer det får tilgang til internett?
Begrunnelse
Som nemnt innleiingsvis er nok dette ei problemstilling som førebels gjeld svært få personar. Dette både fordi bebuarane ofte er for dårlege og fordi dei ikkje har benytta PC og internett tidlegare. Tilbakemeldingar viser imidlertid at f.eks. ein mann i byrjinga av 60 åra som blei sjukeheimsbebuar pga. hjerneslag ikkje fekk kopla sin berbare PC til internett. Ein aktiv tilværelse, f.eks. ved at ein held seg oppdatert via PC og internett, kan både gje betre trivsel og at allmenntilstanden vert forbetra. Derfor er det viktig at kommunalministeren kjem på bana og sikrar bebuarane slike rettar.