Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:444 (2009-2010)
Innlevert: 08.01.2010
Sendt: 11.01.2010
Besvart: 18.01.2010 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Noreg har pr. i dag 430 store og små kommunar. Halvparten av desse kommunane har færre enn 5 000 innbyggjarar. Små kommunar vil av ulike årsaker ha problem med å byggje opp ein tilfredstillande kompetanse på alle plan. Kommunar som slår seg saman blir i dag straffa økonomisk, dette gjeld spesielt kommunar med under 3 200 innbyggjarar som i dag får småkommunetilskot.
Synes kommunalministeren at det er fornuftig at kommunar som etter ein god og grundig prosess vel å gå saman blir straffa økonomiske for dette?

Begrunnelse

I svar på spørsmål nr. 265, datert 4/12-09, blir det vist til at dersom to kommunar på 3 000 innbyggjarar kvar og som ligg i Nord-Troms slår seg saman vil desse kommunane misse ca kr 31,6 mill. i overføring kvart år. Dette tapet vil kommunalministeren delvis kompensere for dei første 14 åra men etter dette må den nye samanslåtte kommunen ta tapet fullt ut sjølv. Dette betyr at denne nye kommunen med ca. 6 000 innbyggjarar må effektivisere / redusere tenestetilbodet i dei årlege budsjetta med ca. kr 31,6 kroner. (2009 kroner) Ein treng ikkje vere korkje synsk eller spesielt smart for å innsjå at med eit slikt inntektssystem blir det ikkje mange kommunesamanslåingar i Noreg dei neste åra. Det er derfor av interesse å få tilbakemelding om kommunalministeren har planar om å endre inntektssystemet og vurdere innføring av eit meir nøytralt system der kommunar ikkje vert straffa økonomisk dersom dei slår seg saman.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Som det framgjekk av svaret mitt på spørsmål nr. 265, datert 4.12.09, vil kommunar som slår seg saman få eit inndelingstilskot, som består av dei basistilskot og det kommunen eventuelt tapar i distriktspolitiske tilskot som følgje av samanslåinga. Den nye kommunen får inndelingsstilskotet i 10 år etter samanslåinga, og deretter vert det gradvis trappa ned dei neste 5 åra.
Målet med inntektssystemet er å utjamne kommunane sine føresetnader for å gje innbyggjarane eit likeverdig tenestetilbod. Når kommunane sine føresetnader endrar seg, for eksempel ved ei samanslåing, skal inntektssystemet òg leggje til rette for at tilpassinga for den enkelte kommune skjer på ein god måte. Ein kommune vil trengje noko tid til å tilpasse seg dei nye rammevilkåra ved ei samanslåing, difor får den nye kommunen inndelingstilskot for å få ein gradvis overgang til dei nye rammevilkåra.
Når det gjeld kommunesamanslåingar er mitt utgangspunkt at det er kommunane som kjenner eigen kommune og eigne innbyggjarar best, og at dei sjølve vil vere opptekne av å finne dei beste løysingane. Eg meinar at initiativ til samanslåing må ha komme på frivillig grunnlag frå grasrota, og vere basert på stabile og kjende rammevilkår. Inndelingstilskotet er eit av rammevilkåra, og innretninga er kjend.
Kommunane står ovanfor fleire utfordringar, som til dømes samhandlingsreforma. Dette vil stille store krav til organisering og samhandling, men det må vere rom for lokale tilpassingar. For nokre kommunar kan samanslåing vere løysinga. Eg er sjølvsagt open for at kommunar finn saman etter eige initiativ. Eg fekk nyleg ein rapport frå Telemarksforsking, som har sett nærare på dei siste fire frivillige samanslåingane. I det store og heile har samanslåingane gått bra, og eg meiner at utfordringane kommunane møter går bra fordi dei sjølve har vald å slå seg saman.
I dag har vi ein variert kommunestruktur der ressursar til både store og små kommunar fordelast gjennom inntektssystemet på ein måte som gjer dei i stand til å gi levedyktige lokalsamfunn. Dette er etter mi meining viktigare enn kor godt denne fordelingsmekanismen bidreg til strukturendringar.
Eg meiner inndelingstilskotet slik det fungerar i dag er tilfredsstillande, det gjev kommunane god tid til å tilpasse seg endra føresetnader. Målet med inntektssystemet skal ikkje primært vere å lokke kommunane inn i ei samanslåing.