Skriftlig spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:676 (2009-2010)
Innlevert: 16.02.2010
Sendt: 16.02.2010
Besvart: 23.02.2010 av landbruks- og matminister Lars Peder Brekk

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): Underteikna har fått innspel frå representantar frå dyrevernsnemnder som fryktar at dyrevernkontrollen blir svekka med nytt forslag til instruks. Det er reaksjonar på at dei lokale dyrevernsnemndene blir fråteken avgjerdsmynde og det blir peika på at det er alt for dårleg økonomi for å drive effektiv kontroll og førebyggjande verksemd.
Korleis vurderer stasråden dette?

Begrunnelse

I media har det vore fleire oppslag om manglande dyrevelferd. Det har tildels vore avslørt dyretragedier der dyra har stått i fjøset utan mat og stell og til og med vorte kvela i sin eigen avføring.
Dette syner at vi treng ein aktiv kontroll og ikkje minst førebyggjande verksemd. Dette arbeidet må styrkast framover.
Lokale dyrevernsnemnder har ei viktig rolle i dette arbeidet, derfor har eg fått mange henvendingar om at desse nemndene har alt for dårleg økonomi til å gjera eit godt nok arbeid. Det er ein frykt for at om forslag til ny instruks blir vedteken, blir dette arbeidet heller svekka framfor styrka. Det er særleg peikt på at dyrevernsnemndene vil bli fråteken avgjerdsmynde og at økonomien blir styrt av det regionale mattilsynet.
Eg reknar med at statsråden er samd i at dyrevernsarbeidet bør styrkast. Spørsmålet blir da om statsråden meiner at det blir styrka med forslag til ny instruks eller om ein i staden bør styrke arbeidet som dei lokale dyrevernsnemndene gjer.

Lars Peder Brekk (Sp)

Svar

Lars Peder Brekk: Det er Mattilsynet som skal føre tilsyn med regelverket etter lov om dyrevelferd og gjere vedtak med pålegg om utbetring der det er naudsynt. Mattilsynet har omfattande tilsynsaktivitet og har saman med dyrevernsnemndene ei viktig oppgåve, både i å avdekkje og å førebyggje uakseptable tilhøve.

Eg meiner det er viktig med eit lekmannsskjøn i dyrevernarbeidet. Dyrevernsnemndene sikrar lokal forankring og legitimitet til dette arbeidet. I den nye dyrevelferdslova som er i kraft frå 1/1-10, er det slått fast at det framleis skal vere dyrevernsnemnder. Sjølve organiseringa av dyrevernsnemndene er endra med den nye lova. Nemndene skal no vere ein del av Mattilsynet sitt lokale ledd. Denne organiseringa er etablert for å få eit ryddig og effektivt system.

Mattilsynet har fått ansvar for å knytte nemndene til resten av tilsynet sin organisasjon på ein god måte. Mattilsynet skal bestemme korleis nemndene skal nyttast for å ta vare på dyrevelferden på best mogleg vis. Mattilsynet har vurdert kva rolle og oppgåver dyrevernsnemndene bør ha ved utarbeiding av vedtak.

Mattilsynet har sett i gang arbeidet med å utforme instruks for dyrevernsnemndene. Eit utkast til instruks har vore til intern høyring i Mattilsynet medrekna dyrevernsnemndene, for å sikre at alle dei direkte involverte partane får uttale seg. Mattilsynet arbeider no med å gjennomgå innspela og justere utkastet til instruks. Når dette arbeidet er gjort, vil utkastet til instruks bli sendt ut til ny ekstern høyring. Den endelige instruksen vil så bli fastsett av Mattilsynet. Eg legg tilgrunn at høyringsinnspela vert nøye vurdert og at dyrevernnemndene og i framtida skal ha ei sentral og meiningsfylt rolle i arbeidet med dyrevelferd.

Dei økonomiske ressursane til dyrevernsnemndene sitt arbeid inngår i Mattilsynet sitt budsjett. Mattilsynet har ingen planer om å redusere dei økonomiske ressursane til arbeidet for å fremje god dyrevelferd. Dyrevernsnemndene skal framleis vere Mattilsynet sine ”auge og øyre” i lokalsamfunnet. Samstundes har Mattilsynet lagt opp til at alle regionane skal kunne dokumentere ressursbruken i dyrevernsnemndene, for å sikre at aktiviteten ikkje blir redusert. Ein eventuell reduksjon i aktiviteten skal ha særskilt grunngjeving.