Helge André Njåstad (FrP): Kor mange av ferjesambanda som staten har overført til fylkeskommunane fylgjer ikke ny NTP-standard for ferjedrift; kan ministeren anslagsvis peike på kva økonomiske rammer som må til for å nå dette målet, og har ministeren ein opptrappingsplan for å sette fylkeskommunane i stand til å levere den standard som NTP forventar?
Begrunnelse
I St.meld. nr. 16 (2008-2009) – Nasjonal transportplan slo regjeringa fast at:
"Fylkeskommunene overtar ansvaret for øvrig riksvegnett og øvrige riksvegferjer med den standard det har og med tilhørende rettigheter og plikter slik de er på overføringstidspunktet".
Totalt sett har fylkeskommunane nå ansvaret for 78 av totalt 95 ferjesamband. I same dokument står tabell:
"Standard for ferjedrifta der regjeringa legger opp til ein auka standard for ferjetilbodet gjennom både auka frekvens og opningstid".
Det ligg ikkje inne i forvaltningsreforma økonomisk kompensasjon til fylkeskommunane for å oppfylle denne standarden staten har ønskt seg kort tid før dei har overlete ansvaret til eit anna forvaltningsnivå. Mange av sambanda har i dag ikkje den standard som staten ynskjer. Fylkeskommunane har ikkje same økonomisk handlingsrom som staten og det blir då vanskelegare for ferjeavhengige samfunn å få eit betra ferjetilbod enn tidlegare.