Bjørn Lødemel (H): I St.meld. nr 22 (2008-2009) om Svalbard peika Regjeringa på behovet for ein fornying av kraftforsyninga i Longyearbyen på Svalbard basert på best tilgjengeleg miljøteknologi.
Kor langt er dette arbeidet kome, og når kan det forventast at kraftverksplanane eventuelt sendas ut på anbod?
Begrunnelse
På verdsbasis slepp meir enn 3000 kullkraftverk ut meir enn 3 mill. tonn CO2 kvar i året. Kullkraftverk slepp ut om lag dobbelt så mykje CO2 for kvar einheit produsert energi som gasskraftverk. Norske Sargas har utvikla ein teknologi som er i stand til å fange meir enn 90 prosent av utsleppa av klimagassar frå kullkraftverk. Teknologien er allereie utprøvd i eit testanlegg i Pittsburgh i USA. Denne teknologien kan demonstrerast i Noreg gjennom bygging av eit kullkraftverk med CO2-handtering på Svalbard.