Gjermund Hagesæter (FrP): I Nordhordland Avis laurdag 17/4 var det ein artikkel om eit næringsområde som blei omregulert til friluftsområde etter at delar av næringsbygget som stod på eigedommen hadde brent ned. Omreguleringa medførte at forsikringspengane på fleire millionar ikkje kunne utbetalast fordi kommunen hadde ilagt området byggje- og deleforbod. I staden blei eigaren av bygget tilbudt kroner 250 000,- i betaling for området.
Meiner kommunalministeren at ein slik framgangsmåte og størrelse på betaling er i tråd med gjeldande rett?
Begrunnelse
Pga. omreguleringa har eigar også blitt nekta å byggje opp igjen brannmur til hall som var nytta til lagerplass og verkstad for fritidsbåtar. Ifølgje eigar har dette medført tap av ca. 1 mill i inntekter pr år i meir enn 2 år. (Totalt tap i inntekter på meir enn 2 millionar kroner så langt)
Dersom ein samanliknar det totale økonomiske tapet på mange millionar med tilbodet på kroner 250.000,- som full betaling synes dette å likna mest på eit ran. Ber derfor om at kommunalministeren stadfester kva som er gjeldande rett i dette tilfellet og eventuelt ryddar opp i denne saka dersom statsråden meiner at slik frårøving av verdiar ikkje er akseptabelt.