Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1229 (2009-2010) Innlevert: 20.05.2010 Sendt: 21.05.2010 Besvart: 26.05.2010 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen
Bjørn Lødemel (H): Stad skipstunnel er svært viktig for tryggleiken langs kysten, og for næringsutviklinga mange stadar på Vestlandet. Det er mange som har jobba for at skipstunnelen skal bli bygd. Dei siste 20 åra har det vore gjennomført ikkje mindre enn 16 utgreiingar om Stad skipstunnel. Det er lova oppstart i siste delen 10-årsperioden. Krav om nye utgreiingar blir sett på som rein trenering av prosjektet.Kva vil statsråden gjer for at planane bli ferdige, og når vil det vere godkjende planar for Stad skipstunnel?
Lisbeth Berg-Hansen: I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det gjort greie for arbeidet med utgreiing av Stad skipstunnel. I 2007 fekk Kystverket i oppdrag å gjennomføre utgreiingar, med tanke på storleik og nytteverdi av prosjektet. Eit av utgreiingsalternativa er utviding av tunneldimensjonane slik at hurtigrutefartøyet ”MS Midnatsol” og andre fartøy i same storleik kan passere gjennom.Utgreiinga av Stad skipstunnel med utvida tunnelopning betyr at prosjektet får eit omfang som gjer at det må gjennom ei ekstern kvalitetssikring, i tråd med retningsliner frå Finansdepartementet. Det er satt i gang arbeid med nye utgreiingar som skal rette på manglar som er klarlagt gjennom prosessen med kvalitetssikringa. Det gjeld mellom anna krav til betre dokumentasjon av behov og nytteverdi av ein skipstunnel. Arbeidet er noko forseinka, men det er lagt opp til at kvalitetssikringa (KS1) skal bli ferdig i 2011. Dette betyr at arbeidet framleis er i rute i forhold til tidsplan skissert i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019.I Nasjonal transportplan 2010-2019 er det vist til at regjeringa vil ta stilling til prosjektet og vidare planlegging med utgangspunkt i konklusjonane frå den nemnte kvalitetssikringa. Prosjektet vil bli vurdert for eventuell oppstart mot slutten av planperioden. Ein føresetnad for oppstart er at prosjektet har samfunnsmessig nytte, og at regjeringa går inn for prosjektet. Regjeringa vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget med ei samla vurdering av saka, når kvalitetssikringa (KS1) er ferdigstilt.