Gjermund Hagesæter (FrP): I folkehelserapporten 2010 kjem det fram at gamle vassrøyr som lek kan medføre meir mage- og tarmsjukdommer i Noreg dei neste åra. Tall viser også at utskiftningstakten er svært lav. Dette gjer at det naudsynt å ta grep frå sentralt hald for å få fortgang i nyinvesteringar på dette området. I tillegg til tydelige minstekrav og økonomiske incentiv bør det også vurderast ulike sanksjonar mot kommunar som ikkje prioriterer dette sterkt nok.
Vil statsråden snarast ta initiativ for å sikre forsvarleg vasskvalitet?
Begrunnelse
Tal tyder på at det er dei minste kommunane som har størst problem med gamle og helsefarlege vassrøyr. Fordi mange kommunar er svært små er det viktig at staten legg klare føringar for minstekrav og sikrar at dei ulike kommunane får naudsynte midlar til å finansiere slik utbygging, f.eks. rentefrie lån. I tillegg bør det også vurderast sanksjonar mot kommunar som ikkje oppfyller sine plikter på dette området, f.eks. ved å slå tydleg fast at forbrukarar som ikkje får kvalitativt godt vatn kan sleppe å betale vassavgift. Underteikna forventar at kommunalministeren snarast tar tak i dette og sikrar at folk flest også i framtida kan være trygg på at vatnet som kjem ut av springen heime kan drikkast utan at ein treng vere redd for å bli sjuk.