Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fornyings-, administrasjons- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:1330 (2009-2010)
Innlevert: 02.06.2010
Sendt: 03.06.2010
Rette vedkommende: Kommunal- og regionalministeren
Besvart: 11.06.2010 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): I enkelte kommunar som ikkje har innført eigedomsskatt er det praksis i Sogn og Fjordane å ikkje tildele skjønsmidlar til desse, med grunngjeving frå fylkesmannen at dersom kommunane ikkje nyttiggjer seg av alle mulige innteningsmetodar får ein ikkje tildelt skjønsmidlar.
Er det utgått eit direktiv frå regjeringa til fylkesmennene som pålegg desse å ikkje tildele skjønsmidlar til kommunar som ikkje har innført eigedomsskatt?

Begrunnelse

Grunnen til at spørsmålet vert stilt er at kommunalministeren i spørjetimen i dag svarte at ho ikkje kunne hugse at det var sendt ut noko slikt påbod frå Kommunaldepartementet.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eigedomsskatt er ein friviljug skatt. Lokale styresmakter har ansvaret for eigen økonomi, noko som òg kjem fram av departementet sine retningsliner for tildeling av skjønsmidlar. For å betre økonomien kan kommunane både auke inntektene og redusere utgiftene. Lokale styresmakter må sjølv avgjere kva for verkemidlar dei vil bruke for å oppnå økonomisk balanse og god drift av kommunen. I denne vurderinga er eigedomsskatt ein mogelegheit som kommunen kan vurdere på line med andre tiltak.

I samband med skjønstildelinga skal fylkesmennene gjere ei total vurdering av økonomien i kommunane. Retningslinene for skjønstildelinga har i mange år inneheldt formuleringar om at fylkesmennene m.a. må vurdere i kva grad kommunane utnytter inntektsgrunnlaget sitt. I departementet sine retningsliner for skjønstildelinga for 2010 står det at fylkesmennene bør vere varsame med å tildele skjønsmidlar til kommunar som ikkje utnyttar sitt eige inntektsgrunnlag, eller som set seg mot å gjennomføre forsvarlege utgiftsreduserande tiltak. Fylkesmennene skal leggje til grunn at det er opp til kvart kommunestyre sjølv å prioritere auka inntekter eller reduserte utgifter, samt kva for inntektskjelder som bør aukast eller kva for utgiftsområde som bør reduserast. Retningslinene på det punktet er ikkje endra i høve til retningslinene frå 2009.